Kampen går ikkje inn i historiebøkene som den mest velspelte, men Trio hadde eit solid overtak kampen gjennom og fleire spelarar sto godt fram og markerte seg. Ein av dei var Jonas, som får tittelen banens beste etter iherdig jobbing på midten. Vår muntre midtbanepropell blir stadig tryggare i pasningsspelet og skapte mykje i dag. Og for første gong (utanom mål i straffekonk på Regy Cup) noterte han seg også i målprotokollen. 1-0-målet kom etter eit herleg angrep der Mathias kom rundt på venstre, Elias venta framom mål og la tilbake til Jonas, som moste den i krysset.

Derifra rulla vi fram mange flotte kombinasjonar og angrep og Jonas var sentral i fleire av dei. Først ei frispeling av Elias, som vendte og skaut like utanfor. Så gjennomspel til Abdi, som la sikkert på til 2-0. Og då Abdi først var i gong, noterte han seg like godt for ekte hat trick i løpet av 7 minutt. Det andre då han både skaut og sette inn retur frå keeperen, og det tredje på ei kontakt heading på Vegar sin presise corner. Elias la på til 5-0 då han snappa eit tilbakespel og runda keeper.

Men 5-0 leia vi også borte mot dette Trott-laget, i ein kamp som endte 7-7. Ikkje denne gong, for Triogutane var mest på hugget i dag. Etter pause kom 6-0 då Michael som spelte opp Elias, som denne gong la att til Brage. Pang i nota! Brage sette også inn det sjuande, då Elias briljerte ved daudlinja og la 45 grader tilbake med ei tunnelpasning. Og Noah fekk æra av å setje inn det siste, då han kontrollert styrte ballen stang inn, etter at Vegar serverte han framom mål.

Det blir nok tøffare på torsdag, då venter bortetur til Odda, som er beste laget vi møter i serien i år.

Kampfakta frå Kvednabekkjen: G13 Trio2-Trott 8-0 (5-0)
1-0 (14 minutt) Jonas Hjelmeland Naterstad
2-0 (18 minutt) Abdisalan Zekeriye
3-0 (20 minutt) Abdisalan Zekeriye
4-0 (25 minutt) Abdisalan Zekeriye
5-0 (29 minutt) Elias Ulbi
6-0 (43 minutt) Brage Kvandal
7-0 (49 minutt) Brage Kvandal
8-0 (66 minutt) Noah Smith

Dommar: Hallvar Saghaug
Trio sitt lag: Noah Smith, André Nordøy, William Heggøy, Mathias Vestad, Abdisalan Zekeriye, Jonas Hjelmeland Naterstad, Vegar Seljelid Joleik, Elias Ulbi, Håkon Georg Røssland, Edvard André Nessestrand Ingvaldsen, Gunnar Eikemo Steine, Michael Løland, Brage Kvandal.

– Are Ulseth