5.div damer: Trio-Eidsvåg 4-1. Alltid kjekt å vinne og Triodamene tok ein kontrollert siger på Husnes stadion søndag ettermiddag, dog utan å imponere veldig.

Men vi kom snart til hektene og tok over kommandoen. Ida og Christine F med gode sjansar for vi fekk ei kjempemoglegheit då Mariel slo eit godt innlegg til Kristine. Headinga gjekk like utanfor. Men utlikninga måtte kome, og Christine F var tøffast i feltet og nikka inn ein corner.

Ny daudball vel fem minutt seinare. Serve frå Sofia og Kristine kjempa den i mål. 2-1. Vi heldt trøkket og skapte gode sjansar ved Emma sitt skot i stolpen, Mariel med ein susar som keeper boksa opp og plukka returen på sjølv, raid og skot rett utanfor av Ida og då Aria stussa frå Kristine, som vart blokkert i siste liten. Vi kunne gå til pause med ei fortent 2-1-leiing.

Eidsvåg var slitne allereie før pause og i andre var det også vi som hadde styringa. Sofia sendte i veg ein susar frå 30 meter, som keeper gav retur på, og den klarte Aria å sette rett på målvakta frå tre meters hald. Men så var det ny daudball og denne gongen var det Sofia sin tur til å kjempe den inn. 3-1 og derifra hadde vi full kontroll.
Som sagt kjekt å vinne og kjekt at vi viser duellstyrke og vilje i feltet på daudballar, men vi har framleis mykje å gå på i angrepsspelet vårt. Det vart mykje upresist, litt lite tempo og vi kunne også våga fleire heilhjarta løp framover. Men endeleg eit spelemål: Midt i omgangen kom Mariel på ein overgang og serverte Ida åleine framom mål. Kontant i nota og sluttresultatet vart fastsett til 4-1.

Neste helg er det bortetur til Baune, så ventar tre heimekampar på rad.

Kampfakta frå Husnes stadion

5.div damer: Trio-Eidsvåg 4-1 (2-1)

0-7 (7 minutt)
1-1 (17 minutt) Christine Solheim Fjelland
2-1 (24 minutt) Kristine Enæs Medhaug
3-1 (53 minutt) Sofia Televik

4-1 (71 minutt) Ida Lygre

Tilskodarar: 40
Dommar: Geir Inge Myrvold, Strand-Ulv

Ingen kort.

Trio sitt lag: 
Thea Vaage, Mariel Musland Madsgård, Selma Kvalheim, Rebekka Røen, Mia Høydal, Ida Lygre, Christine Solheim Fjelland, Sofia Televik, Emma Heggøy, Kristine Enæs Medhaug, Aria Haugsdal, Siren Njøs, Christine Musland Madsgård, Elisabeth Hansen Eide, Cecilie Håvik, Beate Vimme, Malin Saug.
– Are Ulseth