G13: Solid-Trio3 0-2. Vi tapte ein tett og jamn kamp for Solid i vår. Denne gongen var det vår tur til å vinne, men like tett, jamnt og duellprega var det.

Kampen vart ein origie i duellar og tett spel på midten. Vi kunne med fordel bretta spelet meir ut og fått meir avstand i pasningane. Men vi klarte den biten likevel hakket betre enn motstandaren og vi bretta opp ermene og gjekk til i duellane like mykje som Solidgutane gjorde det.

Og i front hadde vi ein opplagt Elias, som heimelaget aldri fekk has på. Allereie etter fem minutt var han på farten, kom åleine og runda keeper – som såg seg naudt til å halde rundt og dra spissen vår i bakken. Dermed frispark rett utom målfeltet og fem minutt på sidelinja for målvakta (gult kort). Frisparket var det dog ingenting av.
Elias var stadig ein trussel i bakrom og etter halvtimen gjekk vi i føring på ei rask kontring, der Mohammed fann Elias på løp. Sikkert i hjørnet. Og rett etter var han på ny på farten. Då vart han dratt ned av ein forsvarar og nok eit frispark rett utom målfeltet. Det dundra Mohammed i stolpen og ut. Dermed sto det 0-1 favør oss midtvegs.
Litt å rette på, men også mykje bra. Andreomgangen vart mykje som den første, der kjemping og duellar sto i høgsetet. Stundom koka det litt og vart i overkant tøffe taklingar. Det er første gong vi har sett André vera sint, etter ein sein ettersleng frå ein Solidspelar. Ved nokre høve kunne nok dommaren teke tak og roa gemyttane litt, men lista låg høgt og det gjekk begge vegar.
Også etter pause var det Elias som var største trusselen mot Solidmålet. André fann han i bakrom, men ei strålande redning hindra 0-2. Men midt i omgangen fekk vi scoring nr 2. Keeper Martin sette i gong Michael på midten og ein fin flikk gjennom til… kven andre enn Elias. 0-2.
Defensivt hadde vi stort sett bra kontroll og kunne for andre gong i haust (og i år) notere oss for clean sheet. Sterkt! Elias var ikkje ferdig for dagen og kunne og burde fått straffe då han vart hindra bakfra, men dommaren sa nei. Så ein god corner frå Mohammed, og sjølv der var det Elias som dukka opp på bakre stolpe, men headinga gjekk rett utanfor vinkelen. På overtid slo Michael ein god corner som William drog til på direkten på. Ballen small i stolpen og dermed ebba kampen ut med ein solid 0-2-siger.
Litt rolegare kampprogram i komande veke. Sjans å få trent normalt på kvardagane, før det er dobbeltkamp mot Moster på Kvednabekkjen på laurdag. No står dei to laga våre med sterke 4 sigrar på 4 kampar i haustsesongen. Kor skal dette ende? :)

Kampfakta frå Nysæter kunstgras

G13: Solid-Trio3 
0-1 (28 minutt) Elias Ulbi

0-2 (51 minutt) Elias Ulbi

Trio sitt lag:
Martin Fjeldstad Smith, Mathias Veastad, André Nordøy, Edvard André Nessestrand Ingvaldsen, Noah Smith, Mohammed Aljajan, Abdisalan Zekeriye, William Heggøy, Elias Ulbi, Michael Løland, Brage Kvandal.

– Are Ulseth