G13: Trio3-Stord3 11-1. For å ha nok til å bemanne 3 lag i haustsesongen er nokre av kampane eit samarbeid mellom Valegjengen og Husnesgjengen. Ein slik kamp var det i dag og vi stilte eit mannskap som vart eit par hakk for sterke for Stord 3, som vi har tapt for eit par gonger før i år. Gutane samarbeidde som om dei ikkje skulle gjort anna all si tid.

Og også etter kvilen gjekk vi fyrrig i gang. Vegar sette inn det sjette etter langvarig press i feltet og Emil kjempa inn 7-0 rett etter. Nr 8 kom då Mohammed drog seg fri og knalla til og dagens flottaste var det niande. Tristan med innlegget, Brage la att og Noah scora. Herleg lagspel!

Martin hadde ein roleg dag i buret, men varta opp med ein kjempeparade då stordingen brått kom åleine. I staden la Fredrik på til 10-0, då André fann han med ei lekker pasning bakom backen. Så ei redusering frå Stord, før Tristan fastsette resultatet til 11-1. Då sto underteikna med ryggen til, men det var sikkert eit flott mål :)

Kampfakta frå Kvednabekkjen

G13: Trio3-Stord3 11-1 (5-1)
1-0 (2 minutt) Abdisalan Zekeriye
2-0 (6 minutt) Abdisalan Zekeriye
3-0 (9 minutt) Vegar Seljelid Joleik
4-0 (15 minutt) Tristan Thorkildsen Thorsen

5-0 (16 minutt) Tristan Thorkildsen Thorsen

6-0 (37 minutt) Vegar Seljelid Joleik
7-0 (38 minutt) Emil Haugan Solheim
8-0 (46 minutt) Mohammed Aljajan
9-0 (53 minutt) Noah Smith
10-0 (57 minutt) Fredrik Saghaug Eikeland
10-1 (60 minutt)
11-1 (63 minutt) Tristan Thorkildsen Thorsen

Dommar: Erlend Nissestad

Trio sitt lag: 
Martin Fjeldstad Smith, Anders Matre Vangsnes, André Nordøy, Joar Langeland, Vegar Seljelid Joleik, Emil Haugan Solheim, Abdisalan Zekeriye, Michael Løland, Tristan Thorkildsen Thorsen, Brage Kvandal, Andri Sigthorson, Fredrik Saghaug Eikeland, Noah Smith, Mohammed Aljajan.

– Are Ulseth