I dag har Karabinlekene, eitt av landets største ungdomsstemner i friidrett, gått av stabelen på Fana stadion i Bergen. Alexandra Tveit Rosendahl og og Ådne Opsanger-Tveit har representert Trio frå framifrå vis og forsynt seg grovt i medaljefatet.

Alexandra vann lengde med 4,41. Eit stykke bak persen, men det var motvind i lengdegropa og ho var godt føre dei andre 6 deltakarane i klasse jenter 14 år. Ho vann også favorittdistansen 600 meter klart med 1,53,22. På 60 meter hekk tok ho sølv med 10,84.

Ådne deltek i gutar 15 år og får med det forlenga korthekk-distansen frå 80 meter i fjor til 100 meter i år. Her vart det andreplass med 16,07. På 100 meter flatt vart det 5.plass med 13,18. Det er forbetring av persen med 8 tidelar. Og i lengdegropa vart det gullmedalje med 5,20 etter ei forrykande dyst, der andreplassen til slutt endte 2 cm bak.

Ådne skal delta også i morgon, i øvingane 200 meter, høgde og 80 meter.
Oppdatering søndag: Ådne fekk sølv på 80 meter med 10,58, som er ny pers med over fire tidelar. Også i høgde vart det sølv med 1,62. Og på 200 meter 6.plass med 27,02.