G13: Trio3-Trio1 4-3. Husnesgjengen tok i mot Valegjengen til dyst i G13-klassen på Kvednabekkjen. Dette brukar alltid å bli tette og jamne kampar, så også i dag. Alt i alt var vi særs heldige som fekk sigeren i dag, for i andre omgang var valegutane klart best.

Håkon, Abdi og Andre på scoringslista i same kamp er litt av ei oddsbombe. Eit par av desse har underteikna knapt sett score i kamp, etter snart to år med laget. Men i dag skjedde det. Håkon med eit høgt langskot, som motvinden bremsa akkurat nok til å ramle inn rett under tverrliggaren. Perfekt timing – eller ein god dose flaks :)

Og Abdi og Andre scora på kvar sin gode corner frå Brage, der vi endeleg klarte å få til aggresivitet og bevegelse inn i feltet idet serven kom.

For Trio1 (Valen) snappa Sander ei igangsetting bakfra og scora sikkert, og han var kontant frampå på retur då Tristan smelte ballen i stolpen. Dermed 3-2 etter første omgang, som var av type ok i spel. Vi var best i starten, Valen kom sterkare mot slutten.

I andre omgang tok derimot Valen kraftig over. Dei har noko for mykje fokus på høge og lange ballar etter underteikna sin smak. Vi hengte oss litt for mykje på det, og dei gongane vi prøvde på igangsetting bakfra, var det ofte feil tidspunkt då vi hadde press på oss. Dermed var det ‘bortelaget’ som sto for trøkket, og vi kom knapt til sjansar heile omgangen. Fredrik utlikna då han var sikker åleine med keeper, og det hadde ikkje vore noko å seie på om dei hadde fått både eitt og to og tre mål til. Men Martin var formidabelt på hugget i Husnesburet, og Andre og forsvaret kjempa godt i mot.

Som om ikkje det var nok: Enda meir flaks hadde vi då Mohammed sendte av garde eit kilometerhøgt vådeskot frå midtbanen. Ballen datt utruleg nok inn bak keeper, heilt oppe i hjørnet. To nye praktredningar av Martin i sluttminutta og dermed fekk vi 3 heldige poeng med oss. Gutane er sikkert nøgde med det, men skal ein vera nøktern, så var dette nok ein dårleg andreomgang frå vår side, slik vi også har hatt i dei to siste kampane. Men vi skal ta med oss at vi bretta betre opp ermene og klarte å halde innsatsen på topp gjennom heile kampen denne gongen.

G13: Trio3-Trio1 4-3 (2-1)

1-0 (7 minutt) Håkon Georg Røssland
2-0 (9 minutt) Abdisalan Zekeriye
2-1 (15 minutt) Sander Wang
3-1 (21 minutt) Andre Nordøy
3-2 (28 minutt) Sander Wang
3-3 (48 minutt) Fredrik Saghaug Eikeland
4-3 (62 minutt) Mohammed Aljajan

Dommar: Torstein Olderkjær

Trio3 sitt lag:

Gunnar Eikemo Steine, Martin Fjeldstad Smith, Andre Nordøy, Håkon Georg Røssland, Mathias Veastad, Jonas Hjelmeland Naterstad, Abdisalan Zekeriye, Brage Kvandal, Vegar Seljelid Joleik, Michael Løland, Noah Smith, Mohammed Aljajan.

Trio1 sitt lag:

Fredrik Saghaug Eikeland, Andreas Eikemo Ersland, Brage Ripel Harsvik, Anders Matre Vangsnes, Andri Sigthorsson, Tristan Thorkildsen Thorsen, Emil Haugan Solheim, Trym Svellingen Hammer, Joar Langeland, Thomas Prestnes, Sander Wang.

 

– Are Ulseth