Laurdag deltok Kenneth Blom, Trude Sundsteigen og Terje Nes på Ironman 70.3 i Haugesund. Dei to sistnemnde debuterte i Ironman, medan Kenneth har fleire slike konkurransar bak seg. Ironman er langdistanse-triatlon, og blir arrangert enten som halv- (70.3 miles) eller fulldistanse (140.6 miles).

Trude nærmar seg mål

I slutten av kvar sesong blir det arrangert VM i fulldistanse på Kona i Hawaii, samt EM på ulike stader i Europa. EM er i år i Nice og Haugesund var tildelt 70 «slots». Desse blir delt ut på aldersklasser til dei beste i sin klasse.

Kenneth hadde som mål å nå høgt opp i sin aldersklasse M55-59, for å kunna få billett til EM i Nice. Han starta imponerande med 28.31 på svøm 1.900 m (ny pers, 1,31 pr 100 m) og var rask i skiftesone 1. På sykkel gjekk det fort unna, men dessverre punkterte Kenneth rundt 25 km og det lukkast ikkje å skumme dekket. Konkurransen var over og skuffelsen var stor. Neste sesongmål for Kenneth er NM i Lofoten i august.

Trude og Terje hadde satt seg som mål å kome under hhv. 6 og 5 ½ time. Trude svømte solid på 33.51 (1.47 pr 100m) og Terje måtelig med 38.24 (2.02). Under syklinga starta eit helsikes torevær som lyste opp heile Sveio kommune. Det rekna nedover og oppover, og vi forstod etter kvart kvifor IM Haugesund blir kalla for Cold Kona. Det blåste godt frå sør og det blei om lag 50 av 90 km med lettare motvind. Heile sykkelløypa er stengt for biltrafikk og løypa er blitt rangert som dei beste IM løypene. Sveiobuen hadde gått mann, kvinne og born frå hus for å flagga, heia og motivera.

Terje i fint driv

Løpsdelen blir gjennomført med 21,1 km i Haugesund sentrum. I Haugesund blir dagen samanlikna med 17. mai, og det var lett å skjøna. Byparken, Smedasundet og fleire andre gater er fylt opp med publikum. Det var lett å få frysningar då ein nærma seg mål. Fleire plasser i løypa hadde også ein rutinert Ironman Gunnar Holm stilt seg opp for heie og knipse bilete. Terje klokka inn på 5.23 (26 av 71 i klassen M45-49) og Trude 5.48 (8 av 33 i klassen K40-44).

Tidligare i år har Gunnar Holm delteke på Ironman 70.3 i Helsingør. Det blei gjort unna på 5.25. Gunnar har tidligare år (2017) delteke på fulldistanse Ironman i København.

– Terje Nes