3-6-12-timarsløp komande laurdag
På laurdag (27/9) inviterer vi til langløp på Husnes stadion. Her kan ein delta i 3-timarsløp, og for dei seigaste 6-timars, eller til og med 12-timars løp. Men berre du stiller på startstreken, så har du faktisk fullført! For du spring så lenge du vil (og klarar), om det er berre ein halvtime eller heile tida. Kor langt bestemmer du og din vilje sjølv, og du tek pause når du føler for det. Hiv deg med. Ta med nokre kjente og spring som eit lag.
Påmelding via Eqtiming på denne linken.
Meir deltaljar om gjennomføringa kjem.