J17, 1.div Rogaland, Kopervik/Vedavåg – Trio 0-2 (0-1).

Eit noko redusert Trio mannskap talte likevel 16 jenter til turen til Sletten Kunstgras for kamp i eit skikkelig haustver. Blant anna mangla vi vår desiderte toppscorar siste åra, Julie, som var heime på Sandvoll med sjukdom. Ein tøff batalje mot eit røft heimelag enda likevel med 2-0 siger og 3 poeng med heim.

Annie spelte ein meget god kamp og var Trio’s beste i kveld!

 

Vi har tidlegare slete med Vedavåg laget, som spelar ein tøff og direkte fotball som er noko uvant for oss. Så også i dag. Vi kjem litt seint fram grunna trafikk trass avreise 15.15. Turen verkar å sitta noko i kroppen for det er ein slett start på kampen der vi ikkje får etablert noko spel. Kun siste 10 minutta av opningsomgangen ser vi litt av det vi har sett hittil i år. Vi skapar fleire sjansar etter godt spel og ein av desse endar med corner like før pause. Vi pushar Linnea heilt opp i feltet på denne og det betaler seg. Ballen dett til slutt ned hos ho og ho gjer ingen feil når sjansen byr seg. 1-0 til Trio til pause etter ein relativt svak omgang spelemessig.

Dagens målscorarar, Linnea og Emma H.

 

I andre omgang har vi motvind, men det hindrar oss ikkje i å auka til 2-0 etter kampens finaste angrep. Lang ball frå Synna til Cecilie på høgrekanten. Ho kjem seg til dødlinja og slår “45 ut”, får ballen tilbake og slår “45” ein gong til. Den er Emma H. først på og sett den lavt i nettet. Flott mål. K/V er ikkje ufarlege utover i omgangen og vi føler at dei skal scora på oss. Men Malene er på hugget og ryddar opp i stor stil for laget sitt. Begge lag har ein i stolpen, men det endar med fortent 0-2 til bortelaget etter ein slitekamp.

Ei god Malene heldt nullen for tredje gong på 5 forsøk i haust!

 

Laget: Malene, Malin, Ingeborg, Ariana, Linnea, Cecilie, Annie, Synna, Ida, Emma M., June Marie, Emma H., Astrid, Helene, Siren, June H.

Neste veke er det ny bortekamp, då til Ølen for kamp mot meget sterke Vindafjord som ligg på 2. plass på tabellen.

Kristine, Stig, Per Einar.