Tradisjonelt jamne dystar mellom G14-gruppene. Vi på Trio2 gjekk oftast av med sigeren i fjor vår, men frå haustparten har Trio1 vore hakket betre. Så også i dag. Men det var Trio2 som starta best i kveld. Vi spelte tre omgangar a 20 minutt og medan førsteomgangen vart ein sjansebonanza, vart det langt mindre action framom mål i dei to siste. Mohammed opna med eit skot rett utanfor vinkelen, medan Vegar sitt innlegg var hårfint for langt å nå for Elias, som diverre hadde klypt tåneglane sine tidlegare på dagen. Så svara Fredrik for Trio1 med ein kjempesjanse på bakre stolpe, før vi kontra direkte med Mohammed som vendte ut til ein opplagt Vegar på høgrevingen. Men også det vart berre nesten. Utruleg nok også då Elias sto brått åleine framom mål på ein corner. På andre sida heada Tristan like utanfor på ein corner, før Trio1-keeper Andreas gjorde ein fantastisk parade då Brage K sendte Vegar åleine gjennom. Altså 5-2 i sjansar til Trio2 på dei første ti minutta. Men null mål.
Ei utfordring er dog at vi ofte dett heilt i fisk når vi får baklengs. Så også i dag. Så då Ola trilla fri Tristan og han scora sikkert, vart det kvelden resten av omgangen for vår del. Andreas sin inngripen vart også det siste han gjorde, då han allereie etter 10 minutt måtte legge ned hanskane etter ein smell i ankelen. Inn på keeperplass kom Brage H, som på dei neste ti minutta skulle bli tomålsscorar. Begge på straffe, sjølvsagt. I mellom der noterte Sondre ei scoring på overgang, slik at det altså etter ein framifrå start sto 0-4 i fleisen vår etter dei første tjue.

Vi gjorde litt endringar og prøvde å mane til meir vilje og innsats etter balltap, trass varmen. Det fungerte betre i dei neste omgangane. Trio1 hadde to store sjansar på innlegg. Tristan traff stolpen på Emil sin herlege serve, men scora på det neste innlegget. Vi hadde ein stor sjanse då Vegar kom gjennom, men han vart kraftig takla av Lars Eirik i aller siste liten.

Heller ikkje i tredje omgang vart det særleg med sjansar. Ola lobba elegant like over og for oss smelte Gunnar ballen rett over på halv volley etter raid og innlegg av Jonas. Midt i omgangen reduserte vi då Elias styrte inn Vegar sitt fine innlegg med utsida av foten. Og rett etter la Emil i støtte og William S smokka ballen i hjørnet frå 20 meter.
Dermed vart det 1-6 til slutt. Forutan ein kollaps siste ti minutta av første omgangen, var kampen relativt jamnspelt, men Trio1 jamnt over eit lite hakk meir på hugget. No blir det venteleg snart seriekampar. Til slutt: Solid dømming av vår unge rekrutteringsdommar Sondre Eikenes.

Kampfakta frå Kvednabekkjen
Trio G14-2 – Trio G14-1 1-6 (0-4, 0-1, 1-1)
0-1 (10 minutt) Tristan
0-2 (13 minutt) Brage H (straffe)
0-3 (14 minutt) Sondre
0-4 (20 minutt) Brage H (straffe)
0-5 (33 minutt) Tristan
1-5 (50 minutt) Elias
1-6 (52 minutt) William S.
Trio 2 sitt lag: Martin Fjeldstad Smith, Michael Løland, André Nordøy, Jonas Hjelmeland Naterstad, Brage Kvandal, Mohammed Aljajan, Abdisalan Zekeriye, William Heggøy, Vegar Seljelid Joleik, Elias Ulbi, Gunnar Eikemo Steine, Edvard André Nessestrand Ingvaldsen.
Trio 1 sitt lag: Andreas Eikemo Ersland, Julian Avsnes Saue, Lars Eirik Holmedal, Anders Matre Vangsnes, Joar Langeland, Ola Haugan Solheim, Emil Haugan Solhein, Eirik Soma Ersland, Fredrik Saghaug Eikeland, Sondre Soma Ersland, Tristan Thorkildsen Thorsen, Brage Ripel Harsvik, William Saghaug.
-Are Ulseth