Oppglødde over OL-gullet i Paris, gjekk friidrettsgruppa bananas på Husnes stadion på laurdag. Ein tikamp arrangerast over to dagar, men vi inviterte like godt ungdommane til 10 øvingar på ein dag. Sjølv om vi pga veret bytta i siste liten frå søndag til laurdag, så deltok heile 12 unge lovande frå 11-15 år. 6 frå Trio, 2 uskedelingar og 4 frå Rosendal. Det vart ein lang dag, nærare 6 timar frå vi starta til vi var ferdige. Ein stor takk til Hanne, som smørde rundstykker så vi fekk oss ein høgst påkrevd matpause midt i.

Nokre kunne ikkje vera med heile dagen, men veldig kjekt at alle var viljuge til å vera med i bortimot alle øvingar, sjølv om det var fleire som prøvde einskilde øvingar for aller første gong. Mangekamp for ungdom har veldig forskjellig øvingsprogram etter alder, dei yngste har 4-kamp, nokre 6-kamp og 15-åringane har etter boka 9-kamp. Men vi køyrde altså 10 øvingar så likt som råd på øvingsoppsettet i OL, og hadde mest fokus på at ein og kvar konkurrerer mot seg sjølv og sin eigen personlege rekord.

Vi starta med 60 meter (/100 meter), lengde, kule, høgde og 200 meter, før vi etter pausen heldt fram med hekk, diskos, spyd, 600 meter (1000 meter) og stavhopp. Så reknast tider og lengder om til poeng etter den berømte Tyrvingtabellen. Og samanlagt var det Alexandra som hadde flest poeng, framfor Håkon og Sander. Men premie var det ikkje.

Vi avslutta med den vanskelegaste øvinga, stavsprang. Heile 6 deltakarar heldt ut til det og det vart ei fin økt med øving, då dette er noko dei fleste trenar sjeldan på. (Kjem med ein eigen reportasje om stavhoppinga etter kvart.) Takk til alle som deltok og til alle som bidrog. Det vart ein gysla lang og kjekk dag, vonleg til inspirasjon både for å drive med friidrett og for å vera allsidig. Vedlagt resultater og nokre bileter frå moroa.

Klargjering til første øving, 60 meter (100 meter for dei eldste).
Tre jenter på startstreken i J14 er særs kjekt.
Alexandra Tveit Rosendahl i favorittøvinga lengde.
Sverre Lunestad Opland vartar opp med eit dugeleg kulestøt.
Alexandra var berre 1 cm bak persen i høgde.
Matpause på Triohuset midtvegs.
Sander Sæverud Jensen imponerte veldig i stavhopp, og sette pers tre gonger!