Trioløftet
Il Trio ynskjer at barn og unge skal ha lik moglegheit til å delta på fritidsaktivitet uavhengig av økonomisk situasjon. Trioløftet er eit prøveprosjekt innafor fotballgruppa der ein kan søke om støtte til utstyr dersom ein har det trongt økonomisk. Me ynskjer ikkje at nokon skal stå utanfor, me vil ha alle med!
Stønad til utstyr gjeld foreløpig for barn og unge innafor fotballgruppa til IL-Trio. Døme på utstyr de kan få stønad til: Klede, sko eller beskyttelses-utstyr. Ein kan og søke stønad til deltaking på cupar/fotballskule eller liknande.
Ta kontakt med oss på: Trio-loftet@il-trio.no
I søknaden kan du skrive kort kven de er, kva lag du/ditt barn spelar på, bakgrunnen dykkar (ikkje personsensitive opplysningar) og kva de ynskjer støtte til.
Dersom det vert mange søknadar, ber me om forståing for at me må ta individuelle vurderingar undervegs, målet vårt er at midlane skal rekke til flest mogleg av dei som har behov for støtte. Ta kontakt dersom det er noko du lurer på. Søknadsskjema finn du her
Tusen takk til dei som støtter oss og gjer dette mogleg:
Dersom du har spørsmål knytt til dette, kan du ta kontakt med nokre av initiativtakarar til Trioløftet innafor fotballgruppa: Kenneth Ingvaldsen, Kristine Røyrvik eller Maria Solheim Thorsen.