Trio turn har lang røynsle med idrett for born og blir sett på som ein god start for born sitt møte med fysisk aktivitet og idrettsglede.  Idrett for born skal vera allsidig og motorisk utviklande

Ny leiar i turngruppa

Vi har fått ny leiar i turngruppa. Ho heiter Eva Refvik. Eva jobbar i dag som skulerådgivar i Kvinnherad kommune, og har tidlegare vore rektor ved Undarheim skule. Ho fortel at ho ser fram til også å bidra på det frivillige planet, og er glad for å overta det ho meiner er eit veldrive maskineri. Vi ynskjer ho velkommen i turngruppa og ser fram til samarbeidet.

TRIVST: – Det er mykje snakk om lærarflukt og rekrutteringsvanskar, men vi må ikkje gløyma at det er mange tilsette som er veldig glade i jobben sin, seier Eva Refvik.  – Dei andre er ufaglærde eller har anna pedagogisk utdanning, fortel Anne Sofie Bjelland Kjeka, sektorleiar for oppvekst i Kvinnherad kommune.


Påmelding trening

Vi har stor pågang av born som ynskjer å delta på turn. Dei fleste partia er fulle per no, men vi har nokre ledige plassar på enkelte parti. Ynskjer du å melde inn barnet ditt i ei turngruppe går du til –melde inn/ut. Her vil du få opp dei ulike gruppene våre og kan melde inn barnet ditt via lenka som ligg ved. Viss gruppa er full vil du automatisk bli sett på ei venteliste. Når det blir ledig plass vil barnet ditt få plass.

For at endå fleire born skal få sjansen til å oppleve gleda ved turn, treng vi fleire engasjerte foreldre som vil vere trenarar. Du treng ikkje erfaring frå før – vi gir deg både opplæring, rettleiing og kurs dersom du ønskjer det. Det viktigaste er at du har lyst til å bidra og skape gode opplevingar for borna. Har du lyst til å bli med som trenar? Ta kontakt med sportsleg leiar Annelie Rønstad – kontaktinformasjon finn du lenger nede på sida.
Saman kan vi sørgje for at alle born som ønskjer det, får ta del i turngleda!

Treningstider vår 2026

Treningane er i Kvinnherad Arena

DagTidParti
Måndag16:30Gymleik m. foreldre 2023
Måndag17:15Gymleik m. foreldre 2021
Måndag18:30Idrettens grunnstige 2015
   
Tysdag16:30Gymleik m. foreldre 2021
Tysdag17:15Gymmleik: Idrettens grunnstige 2018
Tysdag18:15Paraturn – allidrett
   
Onsdag16:30Gymleik Idrettens grunnstige 2019
Onsdag17:30Turntrening 2016
Onsdag18:30Idrettens grunnstige 2013-2014
 Onsdag 19:30 Voksenturn
Torsdag16:45Gymleik m. foreldre 2020
Torsdag17:30Gymleik: Idrettens grunnstige 2017
Torsdag18:30Cheerleading
Fredag17:00Gymleik m. foreldre 2022
Søndag14:00Gymleik m. foreldre 2022
 Søndag 15:15 Gymleik foreldre 2020 Søndag 2
Søndag16:15Gymleik m. foreldre 2020 Søndag 1
Søndag17:00Gymleik  Idrettens grunnstige 2019

“Meistring, utvikling og idrettsglede for alle”
NORGES GYMNASTIKK- OG TURNFORBUND

Vi er samd i NGTF sin verdier som bygger  Norges Idrettsforbund og Olympisk og Paralympiske komités (NIF) verdier:

  • Glede
  • Helse
  • Fellesskap
  • Ærlighet
  • Frivillighet
  • Demokrati
  • Lojalitet
  • Likeverd

Styret i turngruppa 2024

NavnRolleE-postTelefon
Eva RefvikLeiareref69@gmail.com99562307
Anneli RønstadSportsleg
leiar
anneli.ronstad@gmail.com452 43 087
Liv Inger EngevikStyremedlem/
kioskansvarleg
livinger2@gmail.com915 51 280
Roger RøsslandStyremedlem- Medlemsansvarlegroger.rossland@knett.no930 03 895
Christine HopeStyremedlem- Aktivitestansvarlegc_hope_88@hotmail.com97153630
Gry Hege GrønningenStyremedlemgrygon@outlook.com

Sponsorar