Symjing
Symjegruppa i Trio legg til rette for symjing for barn og vaksne med ulik symjeferdigheit:
- Symjeskule for barn som lærer å symja (kurs på ulike nivå).
- Rekrutt-gruppa for barn som er symjedyktige (fullført Symjeskule eller tilsvarande (200 m i eitt)).
- Konkurranse-gruppa for barn/ungdom som ynskjer å delta i symjestemner.
- Masters-gruppa for vaksne som ynskjer å halda symjeferdigheitene ved like (inkl. Triatlon-konkurranse).
Symjinga går føre seg i bassenget ved Undarheim skule på Husnes (25 m / 6 banar).
For meir informasjon om Symjeskulen og treningstider for Rekrutt-, Konkurranse- og Masters-gruppene klikk lenkjene over.
Kontaktinformasjon til symjegruppa og styret finst lenger nede på denne sida.
Kapasiteten i symjegruppa er diverre lågare enn tidlegare pga. mangel på instruktørar etter pandemi og stengt basseng over lang tid. Me vonar å auka aktiviteten, men er avhengige av at foreldre og tidlegare aktive symjarar har høve til å vera med som instruktørar/trenarar/badevakter.
Symjeskulen og dei andre gruppene har vore i gang att sidan hausten 2021 og me ynskjer særleg tidlegare konkurranse- og rekruttsymjarar velkomne attende i bassenget – ta kontakt!
E-POST TIL SYMJEGRUPPA (faktura, informasjon mm.):
symjing@il-trio.no
STYRET I SYMJEMEGRUPPA 2024:
Kristin Milde (leiar)
Telefon: 995 03 678
E-post: kristinmilde@hotmail.no
Geir Ove Eikemo
Telefon: 472 83 223
E-post: geirove87@hotmail.com
Tor Opsanger (kasserar)
Telefon: 957 68 154
E-post: tor.opsanger@gmail.com
Lise Marie Moen
Telefon: 941 16 083
E-post: lisemarie-91@hotmail.com
Hildegunn Håland
Telefon: 951 81 407
E-post: hi-haa@online.no
Følg oss på Facebook