Årsmelding: Trio G13 lag 2/3
Trio G13 lag 2 og 3 har i år vore serielaga til Husnesgruppa i årskullet. Vi har teke steget inn i ungdomsfotball og 9arfotball. Det er normalt å slå i saman bygdelaga til ei treningsgruppe på dette alderstrinnet, men det vart bestemt at det framleis skulle vera delt. Samarbeid har det likevel vore og vi har hatt felles treningar både i Valeparken og på Husnes, samt samarbeid i einskilde seriekampar og på ei cupdeltaking. Vonleg blir steget teke fullt ut i løpet av neste år.
Med 15 gutar på blokka vår både ved sesongstart og -slutt, har det vorte rikeleg med speletid på alle. Vi meldte på to lag for å ikkje ha så mykje innbyttarar. Det er trass alt det viktigaste for å sikre at ein har alle med seg vidare. Det vart 5 treningskampar og 34 seriekampar. 37 mål på våren, og heile 87 mål i haust, viser at vi har fått meir fart på angrepsspelet. Spelemessig frå det briljante til det begredelege, men i periodar ser vi att ting vi øver på. Ingenting er meir rørande enn det. Og alle har vist store framsteg frå kvar sine utgangspunkt. Likevel er vi ein gjeng som har mykje å gå på når det gjeld fokus, konsentrasjon og vilje til å lære. Det får vi ta til etteretning og det viktigaste er trass alt å ha det kjekt i lag.
Elles hadde vi 3 lag på innecup i Husneshallen i februar og vi deltok på Zinken Cup i Odda i striregn og kuling før sesongstart. I juni var vi på vår første overnattingscup då vi deltok på Sommarland Cup i Bø, og hadde ei fin helg med teambuilding for store og små med felles overnatting på ei stor hytte. Og så blanda vi våre og Valegutar og deltok med to lag på Regy Cup i Haugesund på hausten, vår første skuleovernatting. Eksemplarisk oppførsel frå gutane på begge overnattingscupane, det er betryggande med tanke på framtidige cupdeltakingar. Neste år siktar vi mot Sør Cup i Kristiansand.
Vi har heldt det gåande med utetreningar ut november og så har vi hatt nokre innetreningar i desember. Full fotballferie er uansett berre tull. Vonleg blir det full samanslåing av gruppene gjennom neste sesong, der vi skal over på 11arfotball. Vi startar oppatt i januar.
Trenarar for laget har vore Geir Øystein Heggøy, Are Ulseth og Ragnhild Kvandal Løland, i tillegg har Kenneth Løland stilt opp ved behov. Og Beate Røssland har vore stødig lagleiar.
Kort oppsummering av framgangen vi har hatt i år:
Martin: Han med capsen. Reaksjonssterk og levande vegg, og blitt mykje tryggare på tilbakespel.
Håkon Georg: Kongen av vittige kommentarar. Innsatsfylt, og har aldri våre så tøff og trygg som i to siste kampane.
Noah: Full kontroll på tabell og stilling. Godt blikk og er blitt veldig pasningssikker.
Abdisalan: Særs avslappa moroklump. Er blitt eit arbeidsjern utan like. Kjem alltid ut av duellen med ball.
Mathias: Roleg kar, nyaste mann på laget. Har blitt mykje tøffare i duellane.
André: Sjefen for galskapen. Kaptein og duellspelar, blitt mykje tryggare og klokare med ball.
Mohammed: Sjølvutnemnt sjarmør. Spring mykje og glad i ballen, men viser stadig oftare sin kreative pasningsfot.
Edvard: Bileksperten. Fått mykje meir ro til å dempe og sjå etter medspelar.
Vegar: Beskjeden, driblesterk lynving. Er blitt meir freidig og frampå, både på og utanfor banen.
Jonas: Humørspredar, kan gapskratte og spele fotball samtidig. Spretten som få, og er blitt imponerande trygg på sentral midtbanerolle.
Gunnar: Tålmodig kar, truleg pga mange småsøsken. Blitt veldig god på å bruke farten for å kome rundt og til innlegg.
Michael: Elskar store doningar og anleggsmaskiner. Forbaska rask. Stadig flinkare å roe ned med godt mottak og pasning langs bakken.
Brage: Lagets skravlebøtte og har den beste venstreslegga. Blitt meir duellsterk og aggressiv.
William: Avslappa kjernekar, immun mot faren sine innspel. Held roen og blitt tryggare med ballen.
Elias: Spelar fele og meiner dommarar er ein uting. Livsfarleg i bakrom. Stadig utvikling i å ta med medspelar i støtte.
Mikal: Kulaste karen i gjengen. For tida kun supporter. Vi ventar på comebacket… :)
I dag var siste innetrening. Under nokre bileter frå den.