Fredag 29/11 til måndag 2/12 deltok IL Trio som fersk Kvalitetsklubb på fagtur til London i regi av NFF Hordaland. Leiar i Fotballgruppa, Kjell Magnar Eide og Kvalitetsklubbansvarleg, Per Einar Gjerding representerte vår klubb. Totalt 19 av 23 sertifiserte kvalitetsklubbar deltok med i alt 39 deltakarar. Andre lokale klubbar tilstades var Odda, Bremnes, Trott og Solid – som hadde 2-3 representantar kvar.

Frå fagprogrammet under samlinga

Fredag ettermiddag etter ankomst, heile søndagen og mandag føremiddag var satt av til fagprogram. Laurdagen var fridag, der mange nytta høve til å sjå fotballkampar på blant anna nye Tottenham Stadium, Anfield Road, Stamford Bridge og The Valley (Charlton). Fagprogrammet inneheldt mellom anna oppdateringar frå NFF Hordaland, erfaringsutveksling mellom kvalitetsklubbar med fokus på implementering, nye krav for 2020 for Kvalitetsklubb Nivå 1, diskusjon på korleis redusera fråfall i ungdomsfotball, m.m. Spesielt nyttig for oss her var å læra om nye krav, samt høyra erfaringar frå klubbar som har vore godkjente i 3-4 år allerede.

Søndag ettermiddag gjekk med til klubbesøk til den lokale London klubben Long Lane JFC. Dette var svært gjevande på mange måtar. Eit imponerande treningsanlegg med 7-8 grasbanar og ein kunstgrasbane. Leiar Mick Northwood, som har vore i klubben i 35 år, ga ein inspirerande presentasjon av klubben’s utvikling. Det som gleda oss mest var klubben’s fokus på idrettsglede og viktigheten av å ha det gøy med fotballen. Det kan vi i Trio stemma i på:-). Oppsummert ein kjekk og nyttig tur som ga godt med fagleg påfyll for vidare utvikling som kvalitetsklubb!

Kjekt å sjå fokus på smil og idrettsglede, noko vi set høgt i Trio!

 

Kjell Magnar & Per Einar:-)