Nytt tidtakarbygg
Ein del lurar nok kva for byggeaktivitet som har gått føre seg attmed tribuna på Husnes stadion. Det er eit tidtakarbygg vi i friidretten treng for elektronisk tidtaking under stemner. Det er trong for å ha tidtakarutstyret fast montert og ganske høgt oppe, for å elektronisk identifisere løparar som passerer målstreken. Dette skal då vera i 2.etasje, medan det nede er rom for sekretariat, melder ein oppglødd prosjektleiar Dagfinn Jensen.
Takka vera eit fantastisk stort bidrag frå Kvinnheradstiftinga på 840.000 kr, nærmar bygget seg no ferdig. Utvendig har vi hatt mykje flinke folk i aksjon, frå Ivar Kolaas maskin (grunnarbeid), Ersland forskaling, Bygger’n Teigen og Kvinnherad Asfalt.
No står berre det innvendige att. Dette skal gjerast på dugnad av Onsdagsgjengen i Trio. Vonleg har vi alt klart til vi startar med stemneaktiviteter til våren. Under ein del bileter frå den spede start til bygget er ferdig. Alle foto: Dagfinn Jensen.











