Thea Elise Eliassen, som til vanleg spelar volleyball for IL Trio, er for tida i Finland saman med det norske U20-landslaget. Her kjempar laget om ein plass i EM, der vinnaren av gruppa sikrar seg direkte kvalifisering til meisterskapet.

Thea Elise har rolla som teammanager og er ein del av støtteapparatet rundt landslaget. Det er ekstra kjekt å sjå at ein av våre eigne får ta del i eit landslagsmiljø og oppleve internasjonal volleyball på nært hald!

Vi har stilt Thea Elise nokre spørsmål om opplevingane, rolla hennar og ambisjonane vidare.

1. Korleis har opplevinga med U20-landslaget i Finland vore så langt?

Veldig kjekt, vi har fått reist mykje og sett mykje forskjellig. Samtidig er det veldig fint å reise med ei så sammensveisa gruppe, der alle har like ambisjoner.

2. Du har rolla som teammanager. Kan du fortelje litt om kva denne rolla inneber, og kva oppgåver du har rundt laget?

Eg er kontaktpersonen til laget, den som skal holda kontroll på alt fra booking referanser, transport, møter og at vi har papira våre i orden.

3. Korleis fekk du moglegheita til å bli ein del av støtteapparatet rundt landslaget?

Eg deltar i unge ledere, som er Norges volleyballforbund sitt prøveprosjektet for å få unge meir involvert i lederdelen av idretten. Vi har 2 samlinger i Oslo, i tillegg til litt ulike oppgaver vi skal utføra sjølv, ei av oppgavene mine er å vera team manager. 

4. Du spelar sjølv volleyball i IL Trio. Kva har volleyballmiljøet i Trio betydd for deg, og kva har du tatt med deg vidare?

Volleyballmiljøet er et støttende og inkluderande miljø der kven som helst kan delta. Trio volleyball har og gitt meg muligheten til å utdanna meg som trenar, som igjen har ført til at eg meldte meg på unge ledare. Å vera frivillig enten som trenar eller som frivillig på arrangement gir mykje erfaring og åpner dører du aldri visste om.

5. Kva mål og ambisjonar har du framover, både som volleyballspelar og innan andre roller i idretten?

Målet mitt som spelar er å kunne ha det kjekt og spele så lenge som det er mulig. 

Ellers ønsker eg å bli den beste trenaren reg kan bli.

6. Kva er det mest lærerike du har opplevd gjennom å vere ein del av eit landslagsmiljø?

Kor mykje planlegging som må til for å reise på tur med ei så stor gruppe. Det er alltid noko som ikkje går etter planen, men det ordner seg alltid til slutt. Ellers bruker dei mykje klede når dei trener 2 til 3 gonger om dagen, så har fått mykje vaske erfaring.

7. Kva råd vil du gi til yngre volleyballspelarar i Trio som ønsker å utvikle seg og kanskje har draumar om å nå langt innan idretten?

Ta dei sjansane du får, meld deg på sjølv om det virker skummelt. Kanskje var det ikkje det du såg for deg, men enten går da bra eller så har du ei god historie.


Kampprogrammet til Thea og U20 landslaget