Sterk landslagsdebut!
Holmfridur Adalsteinsdottir deltok i dag på VM i 100 km ultraløp i Ames i Galicia, Nord-Spania. Ho var teke ut på landslaget i lag med 3 andre kvinner og har akkurat kome i mål på 8 timar og 42 minutt. Det gav 47.plass i VM.
Og lenge såg det enda mykje betre ut. For i om lag 85 km låg ho inne på topp-30 på resultatlista, før det vart temmeleg bratt på dei 3 siste rundane i ei 5 km lang løype, som skulle springast 20 gonger. Det var anna temperatur i Ames enn på Valen i dag. Opp i mot 35 grader Celsius er meir eigna for å krype under parasollen på stranda enn å springe 100 km.
Det vart brutalt siste 20 km, kan Frida melde etter målgang. “Kampen om overlevelse,” kallar ho det sjølv. Men ho kjempa seg til mål og var veldig takknemleg for moglegheita til å vera med, no som ho ganske nyleg har fått norsk statsborgarskap. Ho deltok i ordinær seniorklasse, og om ho hadde vore påmeldt i sin eigen aldersklasse (50-54 år), så ville det vore fjerde beste tid der.
47.plass i VM er ein imponerande prestasjon, og Frida var tredje best av dei norske. Ingrid Lid sette ny norsk rekord med 7 timar og 38 minutt. Aller best var Courtney Jones frå USA, som fullførte 100 km på vanvittige 7 timar og 10 minutt!
Vi gratulerer Frida med ein imponerande landslagsdebut!
