På G13-nivå har haustferien stort sett vore brukt til kampar mellom Trio og Bremnes. Sist helg hadde vi 7arkamp mot Bremnes 3, så var valegutane til Bømlo og spelte mot Bremnes 2 i midtveka, og i dag var det Bremnes 2 sin tur til å kome hit og møte Husnesgjengen.

Og det vart ein merkeleg fotballkamp. Sjølv med 0-1 i fleisen i første minutt, skapte vi mykje i starten. Allereie før baklengsmålet hadde vi ein stor sjanse då Brage fann Michael på bakerste med eit godt innlegg. Diverre litt for heit i toppen og avslutta utanfor på direkten i staden for å dempe først.

Sidan moglegheiter ved Michael, Abdi, Elias og Brage, før Bremnes kontra inn 0-2. To nye mål i mot på overgangar, før vi først fekk utteljing rett før pause, då Elias drog seg fri og scora sikkert.

Pausepraten gjekk på at her kunne vi vera fullt på høgde trass 1-4, men då måtte vi ta oss kraftig i nakken med nøyaktigheten i pasningsspelet. Og det virka bra i starten av andre omgang. På 10 minutt hadde vi snudd kampen! Elias reduserte igjen med løp i bakrom på eit raskt frispark av Andre, og kort etter vart han lagt ned i feltet og Mohammed scora på straffen. Bremnes fekk også eit gult kort ved det høvet. Vi trøkka på og Elias sto for utlikninga då Vegar serverte eit strålande innlegg frå høgre. To gode skot frå Noah og ein stor sjanse til Mohammed, samt at Elias brente alle sjansars mor heilt åleine mot keeper, før vi endeleg gjekk i føring. Elias vann ballen og trilla til Mohammed, som sette inn 5-4.

Ups, vi var i leiing! Det takla vi ikkje bra og skrudde av brytaren fullstendig. Dei neste ti minutta brukte vi til å la oss overkøyre av Bremnes, slik vi hadde gjort med dei i første ti. 3 mål i mot og dermed var vi bakpå igjen, 5-7. Så tok vi oss saman og tok over føringa. Elias med ein kjempesjanse etter retur på Noah sitt skot, men avslutning over mål. Men reduseringa kom, og det etter eit strålande angrep. Mohammed la inn til Elias, som rulla med sålen bak til Brage. Pang i mål og ei frenetisk avslutning.

Men fleire mål vart det ikkje. Det endte 6-7 i noko som i allefall var veldig underhaldande for publikum. No ventar bortetur til Fitjar på onsdag.

Kampfakta frå Kvednabekkjen
G13: Trio3-Bremnes 2 6-7 (1-4)

0-4 etter 1, 12, 19 og 23 minutt
1-4 (33 minutt) Elias Ulbi
2-4 (37 minutt) Elias Ulbi
3-4 (39 minutt) Mohammed Aljajan (straffe)
4-4 (42 minutt) Elias Ulbi
5-4 (46 minutt) Mohammed Aljajan
5-5 (48 minutt)
5-6 (50 minutt)
5-7 (53 minutt)
6-7 (66 minutt) Brage Kvandal

Dommar: Abdul Kadir Mohamed
Trio sitt lag: Martin Fjeldstad Smith, Noah Smith, André Nordøy, William Heggøy, Michael Løland, Mohammed Aljajan, Abdisalan Zekeriye, Brage Kvandal, Elias Ulbi, Vegar Seljelid Joleik, Mathias Veastad.

– Are Ulseth