Rådyra var høveleg gode før denne kampen, som jo er godt inn i haustferien. Fråver av heile 8 sentrale damer til bortekamp mot topplaget Vestsiden-Askøy! Vi såg på moglegheiter for å få flytta kampen, men det er vanskeleg med ein slik langtur på kvardag og Vestsiden2 har også kampar for både A-lag og J17-lag å forhalde seg til. Så vi enda på at vi måtte klare å gjennomføre på oppsett dato. Og det var i dag. Etter å ha skrapa i hop det som var tilgjengeleg i damestallen, var vi 10 spelarar. Då inkludert ein keeper vi skyssar tur-retur Oslo på kampdag, ikkje noko flyskam her i garden. Heldigvis hadde vårt gode J15-lag spelefri og dei berga oss med å mønstre 5 spreke jenter. Dermed full Triobuss og topp stemning på veg til tøff bortekamp i haustsola.

Altså 5 med J15-alder, og heile 11 av våre 14 utespelarar kunne i dag spelt J17-fotball. Vestsiden2 mønstra i tillegg mykje gode spelarar, der fleire har speletid med førstelaget i 2.divisjon, og ein tidlegare toppseriespelar, så vi hadde tøff motstand å bryne oss på.

Kampen starta med eit overtak til heimelaget, men vi gjorde ein solid defensiv jobb og slapp dei ikkje til sjansar. Faktisk ingen fram til dei lukkast på eit vådeskudd frå langt hald, som datt inn rett under tverrliggjaren. Då nærma vi oss halvtimen og rett etter sprang den lynraske spissen gjennom og sette inn 2-0. Faktisk ein av veldig få gonger vår beste, debutant Ariana (15), ikkje klarte å demme opp for 2.divisjonsspelaren.

Vi løfta spelet høgare i banen etter dette, og reduserte då Julie nikka seg forbi stopparen og keeperen rusa ut og klarerte rett i beina på Aria. Frå 40 meter styrte Aria ballen kontrollert i tomt bur.

Nokre småsjansar til Christine og Julie, før det var litt surt at Vestsiden auka til 3-1 rett før pause. Enda surare: Rett etter var vi brått 3 stk åleine med keeper då heimelaget satsa på offside, men mål vart det ikkje. 3-1 midtvegs var i overkant.

Vi sleit litt innleiingsvis i andre også, og Thea gjorde fleire flotte redningar. Men etter 10 minutt sprang spissen på ny gjennom og var kontant.

Resten av kampen jamna spelet seg ut og vi hadde gode sjansar ved både Ida, Emma og Malin. Linnea hadde og ein susar over mål etter corner. Istaden fastsette heimelaget til 5-1 med eit langskot på tampen.

5-1 føltes i overkant, men sterk motstand og eit særs ungt lag for vår del. Viktig å stille til kamp uansett. Neste helg kjem Skjergard på besøk. Den kampen går på Halsnøy.

Kampfakta frå Ravnanger kunstgress
5.div damer: Vestsiden2-Trio 5-1 (3-1)
1-0 (25 min)
2-0 (27 min)
2-1 (32 min) Aria Haugsdal
3-1 (43 min)
4-1 (57 min)
5-1 (89 min)

Trio sitt lag: Thea Vaage – Mia Høydal (Beate Vimme frå 70 min), Ariana Quam, Ingeborg Stensletten Hagan, Beate Vimme (Linnea Eide Rusten frå 22 min)- Ida Lygre, Kristine Enæs Medhaug, Aria Haugsdal – Christine Madsgård (Madel Grønstøl Gausvik frå 35 min, Christine frå 70min), Malin Saug (Julie Ersland frå 22 min, Malin frå 70 min) Emma Heggøy (Julie frå 80 min).

-Are Ulseth