Gavedryss fra Kvinnherad stiftinga
Idrettslaget Trio har i ei årrekke fått uvurderlig støtte gjennom kvinnherad stiftinga. Vi ønsker å takke Sparebank 1 og kvinnherad stiftinga for ei fantastisk flott gåve på heile 600 000kr til tidtakarhus på idrettsanlegget vårt.
– Dette fortel leiar i friidrett Are Ulseth om gåva
For gjennomføring av friidrettsstemner er det i dag på det næraste eit krav å ha elektronisk tidtaking. Sjølv om vi har utstyr for dette, har det vore særs vanskeleg å gjennomføre på Husnes stadion, grunna mangel av bygg for å ha tidtakarutstyret montert. Det er tidkrevjande å rigge opp og sårbart for både ver og vind, og andre ytre påvirkingar.
Vi har difor stort behov for ei tidtakarbu ved målstreken på Husnes stadion, og forprosjekteringa viste at dette kostar tett på ein million NOK å få i stand. Vi søkte difor om støtte frå Kvinnheradstiftinga til gjennomføring av dette. Det var ein gledens dag då vi fekk tildelt midlar og vi ser med glede og forventning til at det skal stå ferdig.
Dagfinn Jensen er “prosjektansvarleg” frå friidrettsgruppa sitt styre, og vi har andre gode personar med i arbeidet. Arbeidet er allereie godt i gang rundt dette.
Andre gåver vi ønsker å takke stiftelsen for
30 000kr til sikringskurs for våre trenere i turngruppen
30 000kr til inkluderingsdagene vi skal ha i haust
12 000kr til sand mellom tærne