Invitasjon: Løveleikene 2026
Laurdag 27.juni skipar Trio si friidrettsgruppe til Løveleiker, friidrettsstemne for personar med utviklingshemming på Husnes stadion. Dette blir sommarens største gladdag! :)
Kvar og når skal dette skje: Husnes stadion laurdag 27.juni kl 10.00-13.00. Registrering frå kl 10, og opning kl 10.30.
Påmelding sendast pr epost til areu@online.no eller SMS til 99240087.
Tidsfrist for påmelding: Onsdag 24. juni.
Løveleikane er eit friidrettsstemne vi vil skal vera eit lyspunkt i kvardagen der deltakarane kan kjempa i løp, kast, hopp og andre aktivitetar på ulike måtar. Deltakarane får også moglegheit til å testa ut boccia-dugleiken sin.
Leikane vert høgtideleg opna og vi håpar ordførar/varaordførar kjem og held tale. Medan leikane går av staben vil både Løva, Triopandaen og kanskje nokre andre maskotar vera med å spreia glede og motivasjon til både små og store. Funksjonærane vil losa deltakarane sikkert gjennom dagen. Alle deltakarar vil få t-skjorter og medalje uavhengig av prestasjon.
Arrangementet er gratis og vi håpar dagen kan bli ein «GLADDAG» som vil gje deltakarane mykje glede og som dei vil minnast lenge. Kiosken på stadion vil også være open under leikane. Gratis kaffi, saft og pølser, og litt anna som kan kjøpast.