Best utan ball - Kva næringslivet, idrett og lokalsamfunn kan lære av kvarandre
Tysdag 2. juni inviterer IL-Trio, Haugesund Sparebank og Kvinnherad Næringsservice til ein inspirerande og uformell kveld på Husnes “for deg som brenn for eit sterkt lokalsamfunn“
Denne kvelden får du blant anna:
👉 innsikt i korleis FK Haugesund bygde eitt av dei mest lojale sponsornettverka på Vestlandet
👉 konkrete refleksjonar om korleis relasjonar skaper meir verdi enn reklame
👉 historier om kvifor sterke idrettslag er ein undervurdert motor for næringsliv og lokalsamfunn
👉 møte andre som faktisk vil handle lokalt
På scena:
Martin Fauskanger, tidlegare dagleg leiar i FK Haugesund
– om «Best utan ball», leiaransvar, kommersiell kraft og kvifor lokalsamfunnet må spele på same lag
Lars Johan Myklebust, sportsleg leiar i SK Brann Kvinner
– om lokal identitet og krafta som oppstår når ein ser verdien av samspel mellom klubb og lokalmiljø.
I tillegg deler IL-Trio og Kvinnherad Næringsservice korleis samspel mellom idrett, næringsliv og bank faktisk kan styrke Kvinnherad
📅 Praktisk
🗓 Tysdag 2. juni kl. 19.00–21.00
📍 Kvinnherad Arena, 2. etg
🍕 Gratis pizza – Haugesund Sparebank spanderer
Det er ein kveld for deg som vil forstå:
- korleis ein bygg sterke nettverk
- korleis verdiar kan bli til faktisk verdiskaping
- og kvifor levande lokalsamfunn også er god butikk
Velkomen – ta med deg ein sambygding, eller fleire – ope for alle!