Laurdag gjekk det aller første Trioløpet av stabelen, og det kan trygt seiast at det vart ein fest frå start til mål. Vergudane var i godlag, men bydde rett nok på ein plagsam vind, som gav utfordringar for både løparar og arrangør. Heile 106 deltakarar i løpsklassen 5 km var hinsides mykje meir enn kva vi hadde drøymd om. Og med mosjonsklasse, barne- og ungdomsløp, vart det totale deltakartale på råflotte 322.

Enda kunne det vore fleire som var med og trimma 3,5 km frå stadion til CircleK og tilbake på den flotte turstien, men barneløpet var ofseleg populært. Mange var til stades for å sjå på desse, eller dei vaksne løparane, utan å trimme sjølve. Det blir det meir av neste år.

Løpsklassen for menn vart vunne av Sindre Solbakken Omvik på tida 15.42 og kvinneklassen av Bente Hellevik på 20.25. Begge deler er då løyperekord for den nyoppmålte traséen rundt kyrkja og tilbake, med start målgang på Husnes stadion.

Her er link til resultatlista.
Her er link til Kvinnheringen sin omtale.
Her er link til Kvinnheringen sin bileteserie.
Her er link til omtale i Kondis.no.
Her er link til omtale i Grenda.
Her er link til førehandsomtale i Grenda.
Her er link til førehandsomtale i Kvinnheringen.

Under ein del bileter frå festdagen.

Vi rettar ein stor takk til Hydro Husnes, som har bidrege med støtte til å få i gang løpet, og til alle dei som har støtta oss med premiar og anna (tabell under).

Klart for løpsfest i Husnes idrettspark.
106 løparar på startstreken til hovudløpet.
Festdag for både store og små.
Nokre av dei første på tur ut i mosjonsløypa.
Blide mosjonistar ved utgang.
Stor pågang i sekretariata.
Løpsklassen var førehandspåmeldt, men måtte hente startnummer.
Eit velsmurd sekretariat tok unna den store pågangen med bravur.
Russen sto for oppvarming.
Starten på 700-metersløpet for 11-13-åringane.
Ein strålande dag for ein trimtur!
6-10-åringane sprang ein runde på stadion, 400 meter.
Miniane under skulealder fekk springe 100 meter.
Ragna Bogsnes Hegge og Erik Rullestad på veg mot mål etter 5 tunge km.
Katrine Fure Hansen gjev det siste inn mot målstreken.
Karoline Sahr og Ingri Stuland.
Kristin Tjelle får følge av søster Ingvild dei siste metrane.
Ingvild Lamberg Opsahl var godt nøgd med å fullføre 5 km.
Leif Thuland delte ut premiar, men fekk sjølv deltakarmedalje og gjekk løpet, som han har etterspurd i mange år. Leif var i mange år leiar for SØRAL bil og primus motor bak SØRAL-løpet.
Premiepallen i herreklassen: Sindre Solbakken Omvik på topp, Lars-Olav Måkestad Apold på sølvplass og Olav Kvandal Myklebust bronse.
Bente Hellevik vann kvinneklassen og Hildegunn Håland tok bronse. Sølvvinnar Eline Bekkesletten var diverre reist før premieutdelinga.
Giljar Saghaug Håland vann 1400 meter for 14.-16 år.
Lang rekke av løparar gjennom Opsangervegen.
Sindre Omvik i tet om lag midtvegs i løpet.
Topp innsats i barneløpet.
Frukt og premie ved målgang, då står jubelen i taket.
Flott steg på Håvard Røyrvik.
Lars-Olav Måkestad Apold på veg ut til det som skulle ende med sølvmedalje.
Trond og Amelia Thorsen på veg til mål.
Flott ver for 5 km, men vinden skulle gjere returen tung.
Ein god skokk småtassar klare for 400 meter.
Aldri har vi sett eit så stort felt på Husnes stadion.
Jenny Sofie Bernes spurtar dei siste metrane.
Ein jamn straum av løparar ut frå stadionporten.
Målgang for 400-meterløparane.
Endeleg i mål!
Full innsats til målstreken er passert.
Trond T. Thorsen og dottera Amelia var hare for kvarandre.
Ikkje påskeharen, men Martin Haga hadde kledd seg i heilgult for anledninga.
Gunnar Vaage og fleire på veg ut frå stadion.
Ein heil runde på stadion er sanneleg langt nok for dei under 10 år.
Kamp om gode plassar i feltet ut porten frå stadion.
Viktig å ha litt igjen til spurten.
Sindre Omvik tok teten frå første steg.
Straumen av løparar ut av stadion ville ingen ende ta.
Terje Nes i fint driv.
Bånn gass ut i frå start.
Elena Ros Nielsdottir var yngste deltakar i løpsklassen.
Bånn gass!
Tor Harald Bringedal og Davy Pierson med velfortent premie.
Terje Johansen var godt nøgd med eigen innsats.
Trude Sundsteigen og Erlend Jensen var godt nøgde med løpet.
Haugesund Sparebank er IL-Trio sin hovudsamarbeidspartner