Friidrett: Løypa er offisielt oppmålt
(Biletet over: Vår eigen løpelegende Gunnar Vaage assisterte då oppmålar Geir Jensen utførte løypemåling ned på desimeternivå.)
Når ein skal arrangere løp, er det om å gjere å ha ei eksakt oppmålt løype. Og dette er ein vitenskap i seg sjølv. I helga hadde friidrettsgruppa besøk av ein autorisert oppmålar frå Bergen, som gjorde oppmåling av 5 km-løypa som skal brukast til Trioløpet 11.april.
Vi nytta samstundes høvet til å få oppmåling av den doble distansen (10 km), samt ei knappe 700 meter lang sløyfe rundt idrettsparken, som det er aktuelt å bruke til 3-timars/6-timars-løp i august.
