Invitasjon: Trioløpet 11.april
Laurdag 11.april skipar Trio friidrett til første utgåva av Trioløpet. Dette er eit løp for alle, både deg som vil springe på tid og deg som vil gå. Alle kan! Her er informasjon om løpet og påmelding.
Løpsklassen spring 5 km i ei offisielt oppmålt og flat løype frå Husnes stadion, langs Opsangervegen, rundt kyrkja og tilbake. Alle som vil ha tidtaking melder seg på i Eqtiming på denne liken. Løpsstart kl 12.00. Deltakaravgifta er 100 kr. Deltakarpremie til alle, og elles premiering til 3 beste i herre- og kvinneklasse.
Mosjons-/turklasse har løype frå stadion, på gangstien langs Opsangervatnet til CircleK og tilbake, ca 3,5 km. Start mellom kl 11.00-11.30. Påmelding på Husnes stadion løpssdagen innan 11.30. Deltakaravgift 50 kr for vaksne, 20 kr for barn (familie 100 kr).
I tillegg blir det barneløp 400 meter på stadion for dei yngste (0-7 år) og ei sløyfe på/rundt stadion (ca 700 meter) for dei litt eldre (7-12 år). Påmelding på stadion løpsdagen.
Vi vil også ha tilsvarande distanse som lågterskeltilbod til dei som ønskjer og har behov for det.
For alle klassar er det deltakarmedalje som delast ut ved målgang.
Ver med å lage ein festdag i Husnes idrettspark. Vel møtt!