Velkomen til feiring av Trio sitt 80-årsjubileum – ein storslått gallakveld i Kulturhuset!

PROGRAM:
16:00-18:00 ÅRSMØTE (Frivillig deltaking)
18:00-19:00 Show med mentalist Vidar Hansen
19:00-21:00 Festmiddag
Fra 21:00 Stand-up med Are Kalvø, musikk, festeligheter og kåringer.

Vi slår saman årsmøtet i 2026 med jubileumsfest, gallamiddag og underhaldning frå øvste hylle. Etter årsmøtet ventar ein festkveld med middag, underhaldning, bar og DJ som held stemninga oppe til langt på natt.

Noregs (58.) morsomaste mann, sjølvaste Are Kalvø, vil kaste glans over alle klubbens frivillige. I tillegg får vi oppleve Noregs svar på Sherlock Holmes, som vil imponere med sine unike ferdigheiter innan kroppsspråk og kommunikasjon.

Arrangementet er for Trio sine frivillige og medlemmar. Ungdom over 15 år som er frivillige i idrettslaget kan delta på arrangementet fram til stand-up innslaget er ferdig.