Friidrettssesongen er i gong og sist helg var det innandørsstemne i Leikvanghallen, då IL Gneist skipa til dei årvisse Pingvinlekene, med heile 570 deltakarar. Her deltok Alexandra Tveit Rosendahl, og ho betra sin eigen seniorrekordei Trio på 600 meter med eit sekund. Den nye rekorden er på 1.43,93.

I tillegg hoppa Alexandra 5,04 meter i lengde. Dette er rett bak persen, og Gry Andersen sin Triorekord frå 1984 (5,09) får leve på nåde nokre veker eller månadar til.

Oversikt over Trio sine lagsrekordar finn du her.