Stas med innandørs kastutstyr
Friidrettsgruppa er godt i gang med innetreningar og ei ny gåve frå Sparebank 1-stiftinga har gjort at våre unge lovande no har gode moglegheiter for innandørs kasttrening. Vi har nemleg fått 15.000 kr i støtte til kjøp av innandørs kuler, spyd, slegger, samt “plystrespyd” for dei yngste. Dette gjev mykje god kasttrening! Vi er hjartans takksame for støtta frå Sparebank 1-stiftinga Kvinnherad. Kva skulle vi gjort utan dei??
(Bilete over: Vegard J prøvar kulestøt, medan Lars Hallvard og Vegard R går laus med slegga.)

