Ledig stilling: Dagleg leiar
Brenn du for aktivitet, helse og eit levande lokalsamfunn?
Vil du vere med og utvikle ein av regionen sine største idrettsklubbar?
Trio Idrettslag søkjer ein kreativ, engasjert og sjølvstendig dagleg leiar som ønskjer å vere med og vidareutvikle klubben, styrkje drifta og leggje til rette for positiv vekst i åra som kjem.
Om klubben
Trio Idrettslag har over 1 000 medlemmar fordelte på åtte ulike idrettsgrener. Klubben har eit breitt og inkluderande aktivitetstilbod og er ein sentral samfunnsaktør i lokalmiljøet. Det frivillige engasjementet er stort, og vi søkjer no ein dagleg leiar som kan vere eit viktig bindeledd mellom frivillige, idrettsgrupper, samarbeidspartnarar og offentlege aktørar.
Om stillinga
Som dagleg leiar i Trio Idrettslag vil du ha ei sentral rolle i den daglege drifta og den strategiske utviklinga av klubben. Du skal leggje til rette for god aktivitet i dei ulike idrettsgruppene og bidra til ei heilskapleg og profesjonell drift som kjem alle medlemmar til gode – frå dei yngste til dei eldste.
Rolla inneber både å vere klubben sitt ansikt utad og å sikre godt samarbeid med næringsliv, kommune, idrettsråd og frivillige. Trio IL har eit flott idrettsanlegg, og dagleg leiar vil vere ein viktig bidragsytar i vidareutviklinga av dette.
Dagleg leiar skal vere ein inkluderande støttespelar for idrettsgruppene, arbeide for å iverksetje og vidareutvikle klubben sin verksemdsplan og styrkje inntektsgrunnlaget gjennom støtteordningar, samarbeid og dialog med relevante aktørar.
Døme på arbeidsoppgåver
- Støtte og følgje opp dei ulike idrettsgruppene
- Oppfølging av sponsorar og samarbeidspartnarar
- Tett dialog med kommune, idrettsråd og overordna organisasjonsledd
- Planlegging og organisering av dugnader og arrangement
- Redaktøransvar for nettsider og sosiale medium
- Koordinering av utstyr og materiell i samarbeid med gruppene
- Løpande økonomistyring og rapportering
Kvalifikasjonar og eigenskapar
- Engasjement for idrett og frivillig arbeid
- Relevant utdanning eller erfaring innan administrasjon, organisasjonsarbeid eller idrett
- God økonomiforståing og erfaring med budsjettarbeid
- Evne til å arbeide sjølvstendig, strukturert og målretta
- Gode kommunikasjonsevner, både skriftleg og munnleg
Vi tilbyr
- Ei spennande og variert stilling i eit aktivt og inkluderande miljø
- Høve til å påverke utviklinga av klubben og lokalmiljøet
- Fleksibel arbeidstid og løn etter avtale
Søkjarar vert oppmoda til å dele tankar, idear og visjonar for korleis Trio Idrettslag kan utviklast på kort og lang sikt.
Arbeidsstad: Husnes Idrettspark
Søknadsfrist: 31.12.2025
Tiltreding: Etter avtale
Type stilling: Fast 100% tilsetjing
Vil du vere med og skape endå meir idrettsglede for born, unge og vaksne i Trio IL?
Send søknad og CV til styreleiar Eskil Moen på
eskil.moen@il-trio.no
Har du spørsmål om stillinga, ta gjerne kontakt med Eskil Moen på
e-post: eskil.moen@il-trio.no
telefon: 994 46 602
Søknader vert handsama konfidensielt.