Alexandra fekk Opp og fram-prisen

IL Trio friidrett deler to gonger i året ut stipendet Opp og fram-prisen, som er 2000 kr og ein flott diplom til den utøvaren mellom 12-18 år som har forbetra seg mest i ei øving siste perioden. Det er fjerde gongen den delast og, og den gjekk for andre gong til Alexandra Tveit Rosendahl (15). På biletet i lag med trenar Ingunn Sæverud Jensen.
Alexandra vann prisen også i første halvår 2024, og var med 6 seniorrekordar i IL Trio siste året ein sjølvskriven kandidat. Prisen fekk ho for den aller sterkaste forbetringa: Tida 31,42 på 200 meter hekk under Bergenslekene i september var heile 2,5 sekund betre enn tidlegare personleg rekord. Det er også nest beste tid i landet av ein 15-åring i år.
Opp og fram-prisen har fått sitt namn etter Trio-legenda Tjerand Lunde sitt mantra innan stavhopp-trening, der altså staven må opp og fram for at ein skal lukkast. Prisen er meint å honorere allsidighet og fokus på å betre eigne prestasjonar. Å konkurrere mot andre er det dei fleste er opptekne av, men friidrett er det vel så viktig å kunne måle seg mot seg sjølv.
Prisen vert altså delt ut to gonger i året sidan 2024. I utgangspunktet er den oppretta ut sesongen 2026, men friidrettsgruppa har mål om å vidareføre dette også etter dette. Ein utøvar kan vinne fleire gonger, men ikkje to gonger på rad. I første halvår neste år er det altså nokon andre som får prisen.
Mottakarar av opp og fram-prisen:
1.halvår 2024: Alexandra Tveit Rosendahl (tresteg)
2.halvår 2024: Sander Sæverud Jensen (stav) og Mattias Skauge Griggs (spyd).
1.halvår 2025: Andrei Bringedal (200 meter).
2.halvår 2025: Alexandra Tveit Rosendahl (200 meter hekk).