I går gjekk det årvisse Karmøy Marathon av stabelen med vel 1000 deltakarar. Her var IL Trio godt representert med 6 deltakarar, som alle gjorde godt frå seg.

Gunnar Vaage var nest best i klasse M65-69 på heilmarathon med tida 4.07.26.

På halvmarathon vart Kenneth Blom nr 3 i klasse M60-64 med 1.32.00, som er 4 minutt bak eigen pers. Terje Røssland Nes vart nr 14 i klasse M50-54 med 1.39.57. Harald Håland nr 7 i klasse M60-64 med 1.41.14, og var med det den i gjengen som var aller mest nøgd med eigen prestasjon.
Trude Sundsteigen vart nr 2 i klasse K50-54 med 1.46.38.
Og Bente Hellevik, som representerer Bergen triathlon club, var best av alle i klasse K55-59 med 1.30.00. Med det er ho også best i landet på halvmarathon i sin klasse.

Tor Harald Bringedal nøydde seg med 10 km, men vann til gjengjeld sin klasse (M60-64) med tida 48.00. Vi gratulerer alle med flotte prestasjonar.