Onsdag arrangerte Trio friidrett haustens siste seriestemne. 31 deltakarar var med og konkurrerte i øvingane kulestøt, lengde, høgde, spydkast, 40 meter, 80 meter, 100 meter, 300 meter hekk, samt 400 meter. Ei fin avslutning på utesesongen, som vart krona med gratis vafler og saft i kiosken. Takk til Frida og Gunnar for den servicen. Vedlagt bileter og resultatliste.

Sander Sæverud Jensen (16) knallar til med 8,32 meter og ny pers med 5 kg-kula.
Nils Aggvin (13) imponerte med 6,67 meter i kule
Greitt med litt tak over hovudet for funksjonærane, då veret var meir ustabilt enn normalt på våre stemner.
Rekruttane på 6-9 år fekk for første gong prøve 400 meter, ein heil runde på stadion. Det var langt!
Det skal dei ha, dei tok ut alt. Absolutt alt.
Då er utesesongen over. Vi takkar våre sponsorar for støtta.