Første ultraløp i Husnes idrettspark
Laurdag var det skipa til ultraløp på Husnes stadion. Ein kunne springe 3 timar, 6 timar eller 12 timar. Størst deltaking var det naturleg nok i 3-timarsklassen, der totalt 25 løparar sprang, anten individuelt eller som lag. Ein løpar deltok i 6-timars, og så var det om lag 10 løparar på 2 lag som fullførte 12 samfulle timar. Primus motor Holmfridur Adalsteinsdottir hadde eit eige lag, og så hadde Husnes helsesenter eit lag, som varta opp med over 100 løpte km, altså over 250 rundar på stadion.
Totalt vart det sprunge over 2100 rundar, som tilsvarar 840 km, av om lag 35 deltakarar. Dette var ein test for å sjå om vi får til å arrangere eit slikt løp, og svaret på det må vera ja. Det meste gjekk godt føre seg og alle var blide og nøgde. Litt utfordringar med logginga av rundar undervegs med tidtakarsystemet, som ikkje er meir van med å telje sekund og minutt enn å telje rundar. Men vedlagt er resultatliste.
Takk til alle som bidrog og deltok, til Ternen (Håkon og Julie) for lån av tidtakarutstyr og opplæring og til Kvinnherad Breiband AS og Frodes Fargehandel Fargerike og Husnes helsesenter for sponsing og støtte til arrangementet.



















