Alexandra Tveit Rosendahl (15) deltok i helga i Bergenslekene, og viser storform om dagen. I går braut ho endeleg 5-metersgrensa i lengde. Heile 4 hopp var lenger enn den tidlegare persen på 4,87 og det aller lengste var 5,10 meter. Det er også lengre enn Triorekorden for senior til Gry Andersen på 5,09 frå 1984, men diverre var det litt for mykje medvind til at hoppet blir godkjent som rekord. Ny pers blir difor 5,05 meter (sjette beste lengdehopp av ein 15-åring i landet i år), og den 31 år gamle Triorekorden får stå og skjelve ei stund til.

Derimot sette Alexandra ny senior Triorekord på 200 meter hekk. Renate Haugs Kaldestad sin rekord på 36,0 frå 1997 rauk under Kvinnheradmeisterskapen sist helg, då Alexandra vart klokka inn på 31,8 med manuell tid. Og enda betre i går, då det vart 31,42 med elektronisk tid. Det er også nest beste tid i landet av ein 15-åring i år.

Og sanneleg kom det ikkje enda ein Triorekord i dag. På 200 meter varta Alexandra opp med 28,28, som då erstattar Tone Tjelmeland sine 28,71 frå 1997. Vi kan ta med at Alexandra hadde 28.1 med manuell tid sist helg, og at Gry Andersen hadde 27,8 i 1984.

I tillegg hoppa Alexandra 1,45 i høgde og sprang 80 meter hekk på 13,64 i dag, og fekk følgjeleg med seg ei god handfull medaljar heim til premieskåpen.