Også på dag to av Lerøyleikene markerte våre gutar seg.

Mattias Skauge Griggs (14) viste storform i favorittøvinga spydkast. 5 kast over 30 meter, som den einaste i konkurransen. Og det lengste var heile 38.03. Det er betring av pers med nesten 2,5 meter og ein 3.plass på landsstatistikken for 14-åringar. I tillegg kasta han ny pers i slegge med 19,26 meter, noko som gav 3.plass i konkurransen.

Heine Sæverud Jensen (13) sette ny pers med 80 cm i tresteg. 8,60 meter heldt til 3.plass. Og i spydkast braut han 30-grensa og tok 4.plass med 30,95.

Giljar Saghaug Håland (13) tok 6.plass i slegge med 17,37 meter. Og i spyd persa han tre gonger og lengste kastet vart 29,17. Over 3 meter lenger enn tidlegare pers og det heldt til 5.plass i konkurransen.

Vi må også ta med at to gutar frå Rosendal TL var med i Hordaland sin tropp. Thomas Hjortland vann 60 meter hekk i G13 med 10,77, der Nils Aggvin tok 6.plass med 12,31. Nils vart nr 5 på 200 meter med 31,51, medan Thomas tok 4.plass på 600 meter med 45,82. I dag vart det sølv for Thomas på 200 meter hekk med 32,38, medan Nils vart nr 7 med 35,82. Og i Høgde fekk Thomas 3.plass med 1,41 og Nils 6.plass med 1,31. Flotte prestasjonar.

Dermed har alle gutane bidrege godt til ein solid siger for Hordaland krets, langt framom både Rogaland og Agder sine kretslag. Totalt 10 personlege rekordar på 12 startar for Trio sine tre gutar. Stort betre kan det ikkje gjerast. Gutane seier dei har hatt det veldig gøy i helga, med både konkurransane og det sosiale. Og det har vore mykje bordtennis innimellom slaga.

Giljar Saghaug Håland i sleggeringen, men aller mest var han nøgd med ein solid pers i spyd.
Mattias var godt nøgd med innsatsen i alle øvingar, men særleg stas var det med ein dugeleg ny pers i spydkast.
Heine når langt i tresteggopa og var veldig nøgd med eigen prestasjon der.