Friidrettsgruppa skipa til mangekamp på Husnes stadion i veka som var. Dette gjorde vi med suksess i fjor over ein lang helgedag, men i år fordelte vi det over 2 kveldar. Medan 10-12-åringane kunne gjere unna sine 4 øvingar på ein dag, er det for dei eldre ganske mange øvingar i ulike variasjonar etter alder. Og for 16-årsgutane heile 10 øvingar. Totalt arrangerte vi 16 øvingar på dei to dagane og det var kjekt at så mange utøvarar var med og prøvde så mange forskjellige øvingar, då vi ønskjer å inspirere til allsidighet. Totalt var 19 utøvarar frå 10-17 år med. Forutan 3 frå Varaldsøy, var alle frå Trio og heile 16 deltakarar fekk notert resultat i mangekamp.

Her er resultatlister og ein del bileter frå moroa. Poeng for resultat i kvar øving berekna etter Tyrvingtabellen.
Mangekamp 10-12 år: 60m, lengde, kule, 600m.
Mangekamp 13 år: 60m, lengde, kule, 600m, 60m hekk, høgde.
Mangekamp G14: 60m, lengde, kule, 600m, 80m hekk, høgde.
Mangekamp J15: 200m, lengde, kule, 800m, 80m hekk, høgde, spyd.
Mangekamp G16: 100m, lengde, kule, 400m, 100m hekk, høgde, spyd, diskos, stav, 1500m.

Sander, Ådne og Andrei knivar om sigeren på 100 meter.
Åsne Rolland Seglem får god treff på lengdeplanken.
60 meter for 10-11-årsgutane.
60 meter for 10-årsjentene.
Sander Sæverud Jensen i lengde.
Alexandra Tveit Rosendahl var rett bak persen i lengde. Ikkje lenge til ho passerer 5-metersgrensa.
Mattias Skauge Griggs tek sats i lengde, men er mest glad i kastøvingane.
Vegard Sæverud Jensen imponerer kameratane med eit dugeleg kulestøt.
Sander vinn 400-meteren eit par meter framom Ådne.
Nils Aggvin i høgde.
Alexandra har ikkje satsa på høgde i år, men er likevel nær ved å tangere persen og Triorekorden for kvinner (1,50).
Ådne Opsanger Tveit klarar nesten å slå persen i høgde (1,70)
13-åringane Giljar Saghaug Håland og Heine Sæverud Jensen smiler begge under gjennomføring av 60 meter hekk, første øving på dag 2.
Sander Sæverud Jensen er maksimalt fokusert før forsøk på ny pers i favorittøvinga stav.
…og opp…!
Og der var ny pers på 2,85 meter eit faktum!
I stavhopp er det ikkje berre krevjande å kome seg over lista, men det er skrekkeleg langt nedatt også.
Giljar Saghaug Håland drular til i spydkast.
Vegard Sæverud Jensen (10) knallar til med over 15 meter i spyd.
Casper Raudstein Brix (10) gjev alt han har. I slippers! :D

Video av Mattias Skauge Griggs, som set ny pers med 35,60 meter i spyd, trass i at kastet på langt nær er perfekt. Ikkje lenge før han passerer 40 meter med god margin.

Alexandra Tveit Rosendahl spurtar inn dei siste brutale metrane av 800 meter, den avsluttande langdistansen på mangekampen.