Her er oversyn over datoar for mangekamp, Kvinnheradmeisterskapen og haustens seriestemner.

Vi startar allereie onsdag 20. og torsdag 21.august med mangekamp, der alle frå 12-17 år får konkurrere i ulike øvingar. Det er ulikt antal øvingar etter kva alder og kjønn du har. Målet er ikkje berre å få registrert resultat i mangekamp, men å inspirere våre unge til å prøve fleire ulike øvingar. Dette blir kjekke dagar. I fjor arrangerte vi heile greia på ein helgedag, men i år altså fordelt på to kveldar. Tidsplan er vist over.

Søndag 7.september blir det Kvinnheradmeisterskap i fridrett på Husnes stadion. Her blir det Knøtteløp for 0-6 år, og for dei eldre blir det dei vanlege øvingane, variert etter alder.

Så har vi fastsett datoar for haustens seriestemner. Det blir måndag 22.september og onsdag 15.oktober. Øvingsplan her kjem vi tilbake til.