Friidrett: Gode prestasjonar på Stordleikane
IL Trio var representert med 5 gutar på Stordleikane, som opna haustsesongen sist helg.
Ådne Opsanger-Tveit (16) var den som tok med seg mest sølvtøy heim frå Stordleikene. Han deltok i 4 øvingar og fekk 3 gull og 1 sølv. Men ingen personlege rekordar denne gong: 13,50 på 100 meter, 1,65 i høgde, 5,29 i lengde og 16,30 på 100 meter hekk.
Sander Sæverud Jensen (16) vann spydkonkurransen med 32,01. Stavhopp-deltakinga vart det diverre ikkje noko av.
Giljar Saghaug Håland (13) deltok i heile 7 øvingar. Plasseringsmessig var 4.plass i 60.meter hekk det beste (12,44), og dette var også personleg rekord med over sekundet. Også på 60 meter persa han dugeleg, 9,63 er nesten halvsekundet betre enn førre bestenotering. 33,51 på 200 meter er betring med 1,8 sekund, og 2.14,00 er langt betre enn hans tidlegare pers på den distansen, som han rett nok ikkje spring så ofte. Vidare forbetra han seg med 20 cm i kule (6,67). I tillegg hoppa han 3,63 meter i lengde og kasta 20,48 i spyd, som var eit godt stykke bak bestenoteringa.
Heine Sæverud Jensen (13) drog derimot meir på i spydkonkurransen. Her vart det 2.plass med heile 29,07. Det er 2,5 meter betre enn tidlegare pers og rett inn på topp-10 på landsoversikta. Dette lovar bra før dei begge skal representere Hordaland på Lerøyleikene i september. Heine persa også med 30 cm i kule (7,09), og nokre cm i lengde med 3,63. I tillegg vart det 2.06,73 på 600 meter.
Vegard Sæverud Jensen (10) hadde også ei aktiv helg med deltaking i heile 7 øvingar: 11,26 på 60 meter, 7,74 på 40 meter, 1,05 i høgde, 2,94 i lengde, 5,60 i kule og 25,25 i liten ball, samd ein solid 600 meter med 2.17,51.