I helga gjekk Framolekene av stabelen i Bergen, då IL Gneist arrangerte eitt av årets største friidrettsstemner på Vestlandet. Her var Trio representert med 3 deltakarar, som markerte seg sterkt. Og Alexandra Tveit Rosendahl (14) varta sågar opp med ein suveren ny seniorrekord i tresteg. Den nye rekorden lyder på heile 10,40 meter. Den gamle rekorden var Tone Tjelmeland sin frå 1996 på 9,85 meter. Alexandra hadde før stemnet personleg rekord like bak dette, men sette ny rekord tre gonger i løpet av konkurransen. Først med 10,00 meter, så med 10,21, før det i tredje omgang vart heile 10,40 meter. Ein strålande prestasjon! Her er video av rekordhoppet:

I dag nådde ho også 5-metersgrensa i lengde for første gong, med eit hopp på akkurat 5 meter. Det gav 2.plass i J15-klassen, men var diverre med for mykje medvind til å bli godkjent som personleg rekord. Heller ikkje her er det langt opp til Trio-rekorden: Gry Andersen hoppa 5,09 meter tilbake i 1984. I tillegg vart det sølv på 800 meter for Alexandra med 2.30,15 og 4.plass på 80 meter hekk med 13,27. Og så har ho akkurat sprunge inn til 8.plass på 100 meter med 13,65, som er betring av pers med ein tidel.

I G16-klassen tok Ådne Opsanger-Tveit gull i tresteg med 11,36 meter, ei forbetring av persen med 23 cm. Men på herresida er det langt opp til klubbrekordane, då gode, gamle Ove Lindekleiv har nokre formidable rekordar i mange øvingar tidleg på årtusentalet (blant anna 13,79 i tresteg!) Ådne tok gull i lengde med 5,43, sølv i høgde med 1,70 meter (tangering av pers), og sølv også på 100 meter hekk med 15,90 (ny pers med 5 hundredelar). På 100 meter vart det 7.plass med 13,13, som også det er ny pers med 5 hundredelar.

I klasse G15 var ikkje Andrei Bringedal heilt nøgd med 4.plass og tida 25,13 på 200 meter fredag. Men i dag leverte han 2.plass med råsterke 12,03 på 100 meter. Det er heile 6 tidelar(!) betre enn personleg rekord, men diverre var medvinden for sterk til at den blir godkjent som pers. Og i lengde vart det bronse med 5,06.