
Resultater seriestemne 14.mai
Sist onsdag var det nytt seriestemne i friidrett på Husnes stadion. Totalt 39 deltakarar i fint vårver, men diverre irriterande mykje vind. Det gjorde at alt av nye bestenoteringar i hekkeløp ikkje blir registrert som gyldige personlege rekordar. Men flotte prestasjonar i mange øvingar. Også lengde, kule, høgde og stavhopp sto på agendaen, samt ein avsluttande 1500 meter. Biletet over viser Kenneth Blom og Tor Harald Bringedal, som begge leverte gode tider. Men også der var vinden sjenerande.
Vedlagt resultatliste.