21. mars held Trio årsmøte. Nytt av året er at vi vil avslutte årsmøtet med ein stor festmiddag for alle dykk fantastiske frivillige som held hjula i gang i klubben vår. De legg ned utallige timar – veke etter veke – månad etter månad – for å skape aktivitet for andre. No ønskjer klubben å gi noko tilbake. Vi samlar alle frivillige som har ei spesiell rolle på tvers av alle gruppene, slik at vi kan feire oss sjølve og kvarandre. Det har alle fortent!

Vi stiller med underhaldning, middagsservering og noko godt å drikke til maten. Det du tek med deg, er deg sjølv, ditt gode humør, og det du måtte ønskje å ha i glaset etter middagen. Din betre halvdel er og invitert! Ver med og gi deg sjølv og alle andre ein klapp på skuldra for innsatsen i året som gjekk, og fyll på med motivasjon til eit nytt år fylt med idrettsglede og aktivitet for alle medlemmane våre!

Vi sjåast 21. mars! 😍 Billett kjøper du her: