Søndag 24. november hadde turngruppa i Trio den årlege juleoppvisninga si i Kvinnherad Arena. Den nye storstova vår var fylt opp av 230 spente og glade  gymnastar. Tribunane var fulle av stolte foreldre, føresette, søsken, besteforelder, tantar, onklar og anna slekt og vener. Kiosken bogna av kaker som føresette hadde baka. Ute regna og bles det , men det gjorde ingen ting for inna i Arena låg alt til rette for at dette skulle bli ein fin søndags ettermiddag . Og det blei det.

Oppvisninga starta med at lyset vart slått av, musikken strøymde ut av høgtalarane. Så kom 230 gymnastar marsjerande inn i hallen, saman med trenarane sine. Dei hadde nisselue på og vinka med lommelykter. Det var eit svært rørande øyeblikk for mange.

Etter innmarsj stilte dei seg fint opp og gruppene og trenarane vart presenterte. Så var det tid for at kvar gruppe skulle visa fram kva dei hadde øvd på i haust. I turngruppa har vi 14 grupper frå 2 år og oppover. Det var flott å sjå idrettsgleda og meistringa til borna. Og på tribunen sat mange stolte vaksne. Og stolt hadde dei grunn til å vera.

Juleoppvisninga vart avslutta med at alle gymnastane dansa årets BliMed dans- Ferdig snakka.

Takk til foreldre og frivillig som stilte med kaker og anna dugnadshjelp. Og sist men ikkje minst tusen takk til dei 55 trenarane våre som gjere ein fantastisk jobb med gymnastane våre. Ikkje berre i dag men kvar einast veke. Vil og takke styret som har vert med å planleggje, organisere og gjennomføra denne flotte juleoppvisninga.