Friidrettsgruppa har etablert eit stipend som delast ut to gonger i året, til periodens mest framgangsrike utøvar. “Opp og fram” var Tjerand Lunde sitt mantra for å forbetre seg i stavhopp. Denne prisen delast ikkje nødvendigvis ut til den beste utøvaren, men til den som viser størst framgang (betring av personleg rekord) i ei einskild øving. Dette målast i form av poengforbetring på Tyrvingtabellen.

Det har vore mange flotte forbetringar og personlege rekordar i haustsesongen. Nokre har vore så allsidige at dei har persa i ti ulike øvingar, men likevel er det to prestasjonar som utmerkar seg veldig (begge over 300 poengs forbetring):

Matthias Ray Skauge Griggs (13) knalla til med 35,50 meter i spydkast under Kvinnheradmeisterskapen. Det var forbetring av personleg rekord med formidable 9,5 meter! Det er også nest lengste spydkast gjort av ein 13-åring i landet i år, i følge landsstatistikken.

Sander Sæverud Jensen (15) hadde 2,27 som personleg rekord i stav i vår. Den forbetra han til 2,40 på Stordleikene, til 2,60 på seriestemne og heilt til 2,70 under Kvinnheradmeisterskapen i slutten av september. Attpåtil har han vore farleg nære tremeteren på trening. Ekstra stas at prisen går til ein utøvar i stavhopp, som er øvinga prisen har fått sitt namn i frå.

Prisen er eit stipend på 2000 kr, som helst skal brukast på noko idrettsleg. Opp og fram-prisen vil bli delt ut for kvart halvår framover, til ein utøvar i alderen 12-18 år. Ein kan vinne fleire gonger, men ikkje Sander og Matthias neste gong, då same utøvar ikkje kan vinne to gonger på rad. Vi gratulerer så mykje med utmerkinga.