Søndag skipa Trio friidrett til den årvisse Kvinnheradmeisterskapen og i kaldt haustver, men i det minste stort sett opphaldsver, kjempa heile 85 deltakarar i ein heil haug med øvingar: Sleggekast, kulestøt, liten ball, lengde, høgde, stavhopp, 60 meter, 100 meter, 200 meter hekk og 600 meter. (Over ser vi Åsne Rolland Seglem (9) fly langt i lengdegropa.)

Flott deltaking av heile 28 søte små på Knøtteløpet, 100 meter for 0-5-åringar, som start på stemnet gav deltakarrekord for Kvinnheradmeisterskapen. Og det sjølv om vi avga utøvarar til fotballcupar, konfirmasjonsleir og kretstreningar. Det gror godt i friidretten i Kvinnherad! Enda skulle vi hatt breiare deltaking i ungdomsklassane, og seniorane var kollektivt fråverande.

Vedlagt er resultater frå moroa. I klassar frå 11 år og eldre vart det delt ut gull, sølv og bronse for prestasjonane, medan alle frå 10 år og yngre fekk deltakarmedalje. Den smakte særleg godt for knøtta som fekk sin første til premiehylla etter flott innsats på 100-meteren.

Link til artikkel i Kvinnheringen:
Friidrett, Kvinnheradmeisterskap | Friidrettsfest på Husnes: Mange flinke barn og unge i sving (kvinnheringen.no)

Link til artikkel i Grenda:
Friidrettsfest for knøttsmå og større (grenda.no)

Resultatliste:

Henrik Blom Tofte (4) får velfortent medalje etter topp innsats i Knøtteløpet.
Ariel Kabbe Hauge (3) viser kry fram medaljen, som ho har eit par av frå før. Ho sprang etter eige utsegn superfort! Vetlesøster Athena (1 år og 3 månadar) fekk sin første medalje og var dugeleg sliten og tørst etter å ha gått heile 100-meteren.
60 meter i 9-årsklassen. Frå venstre Maja Hestholm Sund, Frøya Flatøy Kjerpeset og Åsne Rolland Seglem.
13- og 14-åringane i rivande kamp på 60 meter. Frå venstre Maren Smaamo (14), Ola Hermann-Fossli (13), Sigrid Lunestad Opland (14) og Sigurd Lunestad (14).
Anna Hermann-Fossli (13) flyg over hekken, Håkon Eide Myklebust (13) følgjer like bak.
Heine Sæverud Jensen leiar 12-årsfeltet framom Iver Gammelsæter Ijzermans og Giljar Saghaug Håland.
Ola Hermann-Fossli i fint driv på 200 meter hekk.
Maren Smaamo vann 200 meter hekk for jenter 14.
Ådne Opsanger-Tveit (15) var suverent raskast, trass i at han har trent lite 200 meter hekk.
11-årsgutane brifar med medaljane. Frå venstre Emilian Vasar, Håkon Eide Myklebust, Sverre Lunestad Opland og Lars Aggvin.
12-årsgutane delte broderleg på gull-, sølv- og bronsemedaljar. Frå venstre Giljar Saghaug Håland, Nils Aggvin, Iver Gammelsæter Ijzermans og Heine Sæverud Jensen.
Ola Hermann-Fossli var einaste deltakar i G13-klassen. Då vart det mykje gull!
Det same på Sigurd Lunestad i G14-klassen.
Olivia Aggvin (til venstre) og Anna Hermann-Fossli hadde mange tette duellar i J11-klassen.
Mykje gull til Nomi Såtendal som einaste 12-årsjente, som blant anna var nest raskast av alle uansett årsklasse på favorittdistansen 600 meter.
Lagvenninnene Maren Smaamo og Sigrid Lunestad Opland delte mykje gull og sølv mellom seg i J14-klassen.