Tikampen vår laurdag vart avslutta med den aller vanskelegaste øvinga i friidrett: Stavhopp. Dette er ei særs samansett og utfordrande øving, med mange ulike detaljar som ein må få til før staven er meir til nytte enn til bry. Veldig kjekt at heile 6 ungdomar heldt ut og ville kaste seg ut i det ukjente på slutten av ein veldig lang friidrettsdag. Fleire prøvde stavhopp for første gong og fekk gode instruksjonar av ekspertane Arne og Ingunn.

Personlege rekordar vart det også på dei fleste. Aller sprekast var Sander Sæverud Jensen, som har stavsprang som si favorittøving. I kjent Duplantis-stil sat han roleg og såg på då dei andre gjorde unna si hopping på lågare høgder, før han sjølv heiv seg inn først då lista vart flytta over hårtustane på vaksne mannfolk. Og Sander fornekta seg ikkje, for med så mykje folk til stades, betra han like godt sin personlege rekord tre gonger! Han gjekk over 2,60 meter før han gav seg på det.

Alexandra Tveit Rosendahl hadde også dreisen på det og svingte seg over 1,90. Søskena Sverre og Sigrid Lunestad Opland klarte begge 1,40 meter, sikkert best for husfreda. Heine Sæverud Jensen svingte seg over 1,30, medan Maren Smaamo klarte 1,20 meter i sin første stavkonkurranse.

Sander svingar seg elegant over 2,60 meter!
Maren i farta.
11-årige Sverre fekk god dreis på det, sjølv om det var første gong han hoppa stav.
Heine i tilløpet.
Alexandra flyg over 1,90 meter.