Stor gleda for volleyballgruppa
Volleyballgruppa har fått innvilga heile NOK 75 000 fra Sparebanken Vest, til oppgradering av banen og til sommaraktivitetar. Oppgraderinga vil bli gjort i tett samarbeid med kommunen, og samarbeid med folk med kunnskap. Prosjektet vil bli gjennomført innanfor ramma av støtte som er innvilga frå SPV.
Også har SpareBank1-stiftinga Kvinnherad tildelt gåve til volleyballgruppa til «Utvikling av sandvolleyball» med 29.700 NOK. Prosjektet går på å kjøpe inn sandvolleyballar, nytt nett og gjennomføre turneringar.
Volleyballgruppa har planer om å gjennomføre aktivitetar på banen i sommar (både trening og “lavterskel” turneringar) – og oppgraderinga og riktig utstyr vil då vera viktig for gjenomføring.