Friidrettsgruppa fylte onsdag Triobussen med ungdomane i dei to eldste treningsgruppene våre (11-15 år), samt nokre vaksne og la i veg til Bergen og Fana stadion for å sjå på Trond Mohn Games. Eit stort internasjonalt stemne med både sterke norske og utanlandske trekkplaster.

Med full buss frå Triohuset før kl 15 styrte sjåfør Tor Harald oss sikkert i veg til bydn. Ein stopp på Pizzabakaren på Os gjorde godt og vi var framme akkurat i tide til hovuddelen av stemnet. Vi fekk sjå mange gode løpsprestasjonar, med Karsten Warholm sitt verdsrekordforsøk som største høgdepunktet. Og verdas beste sleggekastar, samt spanande konkurransar i lengde, tresteg, kule og stav. Med Warholm’en i mål, måtte vi springe i bussen for å vende nasen heimover så vi rakk ferga.

Der vart seint i seng for både unge og gamle, men målet for alle var å kjempe seg gjennom ein hard skule-/arbeidsdag likevel. Ein triveleg tur var det i allefall, og med så kjekke og veloppdragne ungdomar er det ikkje noko problem. Takk til alle som bidrog så vi fekk dette til :)

Sander er noko skeptisk når gamlingane poserer.
Pizzastopp på Os var ikkje det dummaste vi har funne på.
God stemning på tribuna på Fana stadion.
Heine, Emilian, Maxi, Giljar og Casper poserer for fotografen. -Kleint, meinte dei eldste, som sat på rekka bak.
Sjølv om vi var seint heime, var det ingen som sov undervegs.
Ein stor takk til vår stødige bussjåfør Tor Harald.
Klare som debutantar på storstemne.
Full buss og Triosongen på anlegget. Kan livet bli betre?
Eit dugeleg felt i sleggekast for menn, men både Mardal og Henriksen måtte som venta bite i graset for verdas for tida beste sleggekastar, Ethan Katzberg frå Canada (i gult).
Sjølvaste Trond Mohn var sjølvsagt til stades. Godkaren fekk ein velfortent hyllest.
Vi hadde sikra oss beste plassane på stadion, rett ved målstreken.
Sjettemann i Tokyo-OL var ein sværande bamse, men måtte gje tapt for Marcus Thomsen.
Topp stemning når Warholmen skulle i aksjon.