Til topps i Industriløpet
Laurdag skipa Stord friidrett til det årvisse Industriløpet, eit gateløp på Eldøyane på sommarøya med over 160 deltakarar. Her deltok både Hildegunn Håland og Gunnar Vaage på 10 km, og begge to gjekk til topps i sine klassar.
Hildegunn Håland vart sjuande beste av alle kvinner i løpet med tida 43.17, og det gav 1.plass i klasse K55-59 år. Gunnar Vaage vann klasse M65-69 år med tida 48.14. Vi tek med at Johannes Heien (IL Ternen) var sjuande best av alle menn i løpet med sterke 35.04. Det gav 2.plass i klasse M35-39 år.